Bildegalleri
Rundballehekk med tak – for sauer med horn
Til salgs
12 490 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Helt ny - Uåpnet/med lapp
Solid og praktisk rundballehekk med tak – spesielt godt eigna for sauer med horn, mellom anna gammalnorsk sau (villsau), gammalnorsk spælsau og svartfjes.
Eigenskapar:
• Trygg i bruk for sauer med horn, med ei utforming som hindrar at dyra set seg fast eller får fôr over hovudet medan dei et.
• Taket skjermar fôret mot regn og snø, og takrenna leier vatnet bort frå dyra medan dei et.
• Hindrar sauene i å hoppa opp i hekken og trakka i fôret.
• Enkel å setja over rundballen med frontlastar eller manuelt.
• Står stødig i vêr og vind, takka vere det låge tyngdepunktet.
• Blir levert komplett med tak og løftehempe, ferdig montert og klar til bruk.
Materiale:
• Hekk: Galvanisert stål – toler vêr og vind og held seg svært godt over tid.
• Tak: Rotasjonsstøypt polyetylen – slitesterkt materiale laga for å tole røff bruk og norsk klima.
Spesifikasjonar og transportmål:
Hekken blir levert som éi komplett, ferdig montert eining og kan ikkje demonterast for transport.
• Diameter: Ramme ca. 160 cm, tak ca. 200 cm. Hekken passar normalt på ein open varehengar, med taket over karmane. Ved transport i lukka hengar eller hengar med svært høge karmar må det vera plass til taket på ca. 200 cm i diameter.
• Høgd: Ca. 180 cm. Kan reduserast til ca. 150 cm ved å bøya ned løftehempa under transport.
• Vekt: Ca. 60 kg.
Verdt å vera merksam på:
• Det kan bli noko fôrsvinn når sauene dreg fôr ut på bakken.
• Små sauer kan ta seg inn i hekken når det er lite att av rundballen.
Status / bestilling:
• Lagast på bestilling.
• Leveringstid ca. 1–2 veker, avhengig av lagerstatus på delar og tal på bestillingar.
Henting / levering:
• Må hentast – transport blir ordna av kjøpar.
• Hentestad: Osnesvegen 295, 5590 Etne.
Pris:
• Kr 12 490 + 25 % mva per stk.
Prisen gjeld komplett rundballehekk med tak og løftehempe, ferdig montert.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 10.10.2026 kl. 14:00 ・ FINN-kode: 478381475




