Bildegalleri
Vintage Tivoli-lampe søkjer tålmodig sjel (eller ein ekte elektrikar)
Til salgs
400 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Må fikses - Noen mangler/ødelagte deler
Denne lampa kjøpte eg med skyhøg iver, rein entusiasme og naive draumar for eit par år sidan. Men så slo kvardagen inn. Iveren pakka kofferten og drog, og entusiasmen følgde etter hakk i hæl.
Eg har gjort eit tappert forsøk på førstehjelp:
• Nye ledningar er dregne (under tvil).
• Pærehaldarane er heilt nye.
• Brytaren er oppgradert til ein moderne, dimbar type – perfekt for å dempe ljoset når frustrasjonen tek overhånd.
Men, la oss vera ærlege: Eg har sterke, velgrunngitte indisiar på at éi av dei nye ledningane ikkje er heilt godvenner med resten av systemet (les: ho er dårleg kopla). I tillegg har gjengane på innfestinga til den eine pærehaldaren takka for seg og gått av med tidleg pensjon (sjå bilde).
Lampa vert difor seld som eit reint fikseprosjekt for ein nevenyttig person med betre tolmod enn meg. Viss du klarer å sjå det same magiske potensialet i lampa som eg gjorde den gongen, er ho di for ein billig penge!
Eg er åpen for bud 😊
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 14.10.2026 kl. 22:17 ・ FINN-kode: 477864922

