
Bildegalleri
Nydeleg brudekjole frå Rembo Styling kjøpt på Belle Amie i Bergen
Til salgs
6 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Størrelse: S
Materiale: Silke
Farge: Hvit
Eg sel min vakre og romantiske brudekjole frå Rembo Styling, kjøpt på Belle Amie i Bergen i 2012. Kjolen er brukt éin gong, i bryllaupet mitt i juni 2013.
Kjolen har eit elegant og tidlaust uttrykk, med nydelege detaljar i overdelen, og eit lett, romantisk fall i skjørtet. Det ytterste laget er 100% silke.
Kjolen består av underkjole, hovudkjole og to lag med silkestoff som heng lett nedover skjørtet. Silkestoffet har splitt både framme og bak, og er lenger langs sidene og bak.
Kjolen har glidelås bak og 5 knapper. Det er også eit band på innsida som held overdelen godt på plass.
Detaljar:
· Merke: Rembo styling
· Kjøpt: Belle Amie, Bergen
· Kjøpt i: 2012.
· Bruk: Éin gong, Juni 2013
· Ytterste lag: 100% silke
· Farge: Ivory/elfenbeinskvit
· Ordinær pris: 18.000 kr i 2012.
· Salspris: 6000 kr
Mål og tilpassing:
Kjolen er sydd inn og tilpassa meg. Eg er 162 cm, brukte høge hælar til kjolen.
· Lengde framme, frå øvste punktet på kjolen: ca. 130 cm.
· Lengde framme, frå lågaste punktet mellom brysta: ca. 122 cm.
· Bandet som fester kjolen rundt overkroppen/nedst på ribbeina, er ca 68 cm. Dette kan enkelt kortast inn ved behov.
Kjolen må gjerne prøvast etter avtale.
Tilstand:
Kjolen har vore oppbevart sidan bryllaupet. Han vart handvaska etter bryllaupet, men er ikkje strøken, noko som er synleg på bileta.
Det er ein liten skade i silkelaget på kvar side nedst på kjolen. Sjå bilete. Dette er ein liten skade som bør vere uproblematisk å få reparert.
Eg har også eit tilhøyrande slør i same farge og materiale. Sløret er ca. 190 cm langt. Sløret følgjer med i prisen.
Ta gjerne kontakt på melding dersom du er interessert, ynskjer å prøve kjolen eller vil ha fleire bilete eller mål.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 3.10.2026 kl. 14:01 ・ FINN-kode: 477854956




