Bildegalleri
Vintage lenestol
Til salgs
2 490 kr
Beskrivelse av varen
Flott vintage lenestol frå ca. 1950-/60-talet seljast.
Ein svært sjarmerande og uvanleg velhalden lenestol i klassisk skandinavisk mid-century-stil. Stolen har oransje, strukturert møbelstoff, laus setepute, heilpolstra rygg og sider, koniske trebein og fine tredetaljar på armlena.
Eg har vore i kontakt med Eldar Høidal, førstekonservator NMF ved Viti, for å prøve å identifisere stolen. Han opplyser at denne typen stol er typisk for 1950-/60-talet, då det fanst fleire hundre norske møbelprodusentar som laga liknande modellar. Mange vart produserte langs vestlandskysten. Stolen kan derfor ikkje sikkert knytast til ein bestemt produsent eller designar.
Han omtalar stolane frå denne perioden som solide produkt, laga for å vare, og meiner denne stolen har tolt tidas tann svært godt.
Dette er altså ikkje ein stol eg ønskjer å tilskrive ein kjend designar utan dokumentasjon – men eit flott og autentisk møbel frå norsk/skandinavisk møbelhistorie.
Mål:
• Breidde: 69 cm
• Høgde: 80 cm
• Djupne: 70 cm
• Sitjehøgd: 42 cm
Stolen er etter alderen i svært fin stand, med naturlege spor etter bruk. Stoffet har den karakteristiske varme oransje fargen som passar svært godt til perioden.
Ein flott stol for deg som likar retro, vintage, Scandinavian Design og Mid-Century Modern, eller som ønskjer eit originalt møbel med mykje meir personlegdom enn ein nyprodusert stol.
Pris: 2.490 kr / bod
Kan sjåast og hentast etter avtale.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 3.10.2026 kl. 13:35 ・ FINN-kode: 477852456

