Bildegalleri
Ny XINZUO Lan 7" Santoku (Damaskus/pulverstål) – Ubrukt
Til salgs
Frakt fra 69 kr + Trygg betaling 84 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Etter levering har du 24 timer til å se over varen. Hvis det er noe galt med varen, får du pengene dine tilbake.
Lag en pakke
Kjøp mer fra selgeren og betal bare én fraktkostnad.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Som ny - Ikke synlig brukt
Selger ein heilt ubrukt XINZUO Lan Series 7-tommars Santoku-kniv. Kniven ligg framleis i originalforpakninga med sertifikat.
ronanderkniver hadde denne inne (utsolgt til kr 1569 i følgje verdsveven). Kniven min er kjøpt på AliExpress.
Eg planla å byte ut ein Nakiri-kniv i pulverstål (Hap-40) frå 2016, men eg har innsett at denne har langt større bruksverdi for meg enn det eg eventuelt får igjen for den på bruktmarknaden. Derfor har denne Santokuen blitt liggande ubrukt.
Dette er ein utruleg flott og skarp kniv med 73 lag Damaskus-stål og kjerne i knallhardt pulverstål (14Cr14MoVNb, ca. 62 HRC). Bladet er 7 tommer, noko som tilsvarer om lag 18 cm. Den manglar sjela til ein tradisjonell japansk kniv.. Men, slike gjer etter mi erfaring ein (minst) like god jobb på kjøkkenet som mykje anna i høgare prisklassar.
Dette er ein fantastisk kniv til grønnsaker, filetering og andre ting utan bein. Ved rett bruk har denne eit fantastisk pulverstål som varer veeeldig lenge utan sliping. Merk at dette ikkje er ein kniv til utbeining eller arbeid med mat som har grove bein eller frosne råvarer. Alt til sitt bruk!
Kniven er heilt ubrukt. Ytteremballasjen har fått nokre merker etter transport og lagring. Her får du ein kniv i toppklasse utan ventetid på internasjonal frakt og tollbehandling!
Kan hentast i Førde i Sunnfjord.
NB: Ved lokalt sal har eg mellom anna slipesteinar (Sigma Select II) berekna til pulverstål. Eg tar gjerne kniven tilbake for gratis sliping fram i tid, med mindre du har «skamfare» den på eit eller anna vis! 🤪
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 3.10.2026 kl. 23:17 ・ FINN-kode: 477747978
