Bod m/biloppstillingsplass BRA-e: 1. etasje: 5 kvm Bod
Forkjøpsrett
Andelseigarane i burettslaget, og deretter dei andre medlemene i bustadbyggjelaget, har forkjøpsrett. Ansienniteten blir rekna etter innmeldingsdato. Dersom fleire andelseigarar i burettslaget har lik ansiennitet, går den føre som har lengst ansiennitet i bustadbyggjelaget.
For kvar bustad blir det fastsett ein eigen frist for å melde forkjøpsrett etter at bustaden er selt. Denne fristen er vanlegvis om lag éi veke etter at bustaden er annonsert. Medlemmer som melder interesse etter at fristen er gått ut, kan ikkje gjere krav på forkjøpsrett.
Andelseigar(ar) kan berre eige éin andel og må sjølv bu i bustaden.
Berre fysiske personar kan eige andel. Stat, kommune, fylkeskommune m.fl. kan likevel eige éin eller fleire andelar opp til 10 % av andelane i burettslaget der det er fem eller fleire andelar. Det kan vidare vere fastsett i vedtektene at stat, kommune, fylkeskommune, bustadbyggjelag, institusjon eller samanslutning med samfunnsnyttig formål, samt arbeidsgivar som skal leige ut bustaden til sine tilsette, kan eige inntil 20 % av andelane i tillegg.
Felleskostnader inkluderer
Renter og avdrag knytte til fellesgjeld, byggforsikring, utvendig vedlikehald, styrehonorar, forretningsførsel, revisjonshonorar, felles straum, reinehald av fellesareal, internett, kommunale avgifter og eigedomsskatt og andre driftskostnader som måtte kome til.
Rentenivå, eventuelle nye låneopptak, endra nedbetalingsplan og vedtak på årsmøte kan påverke storleiken på felleskostnadene.
Alle våre visingar har påmelding, dette gjer vi for å kunne yte betre service til kundane våre. Ta kontakt med meklar dersom du har spørsmål eller om oppsett tid ikkje skulle passe. Visningar utan påmeldte 24 timer før oppsatt tid vert avlyst.
Velkomen til Rådhusvegen 6N! Lys og romsleg 4-roms andelsleilegheit over to plan med sørvendt balkong.
Leilegheita har ei sentral plassering med kort gangavstand til Nordfjordeid skule og Nordfjordeid rutebilstasjon. Planløysinga strekker seg over to plan og inneheld ei lys stove med open kjøkkenløysing og 3 soverom. I stova er det montert ein vedovn for ekstra varme, og bygget har heis med trinnfri tilkomst til kjellar og leiligheit.
Høgdepunkt Sørvendt balkong, med nytt rekkverk, på 4,5 m² Fast biloppstillingsplass i felles garasjeanlegg Tilhøyrande kjellarbod på 5 m² med heisadkomst Etterisolert fasade, ny kledning, og nye 3-lags vindauge og ytterdør frå 2025 Nymalte overflater vegger/tak, nytt laminatgolv og klikkvinyl i dei fleste rom i 2026
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
Salgsoppgaven beskriver vesentlig og lovpålagt informasjon om eiendommen
Alle våre visingar har påmelding, dette gjer vi for å kunne yte betre service til kundane våre. Ta kontakt med meklar dersom du har spørsmål eller om oppsett tid ikkje skulle passe. Visningar utan påmeldte 24 timer før oppsatt tid vert avlyst.
Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din!
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.