FINNJobbSøkVestlandBjørnafjorden
Bjørnafjorden kommune Eigedom drift logo
Bjørnafjorden kommune Eigedom drift
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

100 % fast stilling som elektrikar

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Os
  • Søknadsfrist 20.10.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Drift, vedlikehold og oppfølging av tekniske anlegg, samt elektroinstallasjon, feilsøking og reparasjoner.

Kvalifikasjoner

  • Fagbrev som elektriker gruppe L
  • Relevant praksis innen elektro
  • Erfaring fra drift av tekniske anlegg er en fordel
  • Ønskelig med erfaring fra internkontroll og dokumentasjon

Hva vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
  • Lønn etter gjeldende avtaleverk
  • Varierte arbeidsoppgaver og mulighet for faglig utvikling
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Har du lyst og interesse for å arbeida med drift og vedlikehald av kommunale bygg og eigedomar? Då kan dette vera job...

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette og vil være i sterk vekst i åra framover. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Eigedom Drift har ansvar for drift, vedlikehald og oppfølging av ein stor og variert bygningsmasse i Bjørnafjorden kommune, og består av tre avdelingar i Os og Fusa; to avdelingar med driftsoperatørar og gartnarar, og ei elektroavdeling. Drifta omfattar mellom anna skular, barnehagar, rådhus, administrasjonsbygg, omsorgsbygg, utleigebustader og andre kommunale bygg.

Arbeidsoppgåver

Du vil få ein variert kvardag med ansvar for drift, vedlikehald og oppfølging av tekniske anlegg. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vera drift og vedlikehald av SD-anlegg, ventilasjonssystem, varmepumper, varmestyringsanlegg, brannalarmanlegg, dørautomatikk og anna elektroarbeid.

Utføring av vanlege elektroinstallasjonar, feilsøking og reparasjonar høyrer også med til stillinga. Andre arbeidsoppgåver kan bli aktuelle når situasjonen krev det.

Kvalifikasjonar

  • Krav om fagbrev som elektrikar gruppe L
  • Krav om relevant praksis innan elektro
  • Erfaring frå drift av tekniske anlegg er ein fordel, men ikkje eit krav då nødvendig opplæring vil bli gitt
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå internkontroll og dokumentasjon

Personlege eigenskapar:

  • Du er nevenyttig, strukturert, fleksibel, sjølvstendig og løysingsorientert
  • Du har god tverrfagleg forståing
  • Du har god forståing av tekniske løysingar og gode datakunnskapar

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver og høve til fagleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande avtaleverk

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Ferdigheter AI-generert

  • Diagnose og feilsøking av elektriske og elektroniske komponenter
  • Drift og vedlikehold
  • Elektrisk arbeid
  • Elektrisk installasjonsarbeid
  • Reparasjon av elektrisk utstyr
  • Utføre vedlikehold på brannalarmsystemer
  • Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
  • Sted: Industrivegen 96, 5210 Os
  • Bransje: Eiendom, Håndverkstjenester
  • Stillingsfunksjon: Elektriker

Nøkkelord

elektriker, eigedom, drift, elektro

Spørsmål om stillingen

JT

Jan Tore Valderhaug

Avdelingsleiar

40 62 64 79Kopier telefonnummer 40 62 64 79

Firmaets beliggenhet

Industrivegen 96, 5210 Os

Kart
Søknadsfrist: 2 uker igjen
Legg til som favoritt

617 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Se flere stillingerBli kjent med Bjørnafjorden kommune

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 477626990
  • Sist endret: 30.9.2026, 08:10
  • Org.nr.: 844458312Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse