Psykolog, spesialist i klinisk pedagogikk eller klinisk sosionom
- Søknadsfrist 11.10.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
Psykolog, spesialist i klinisk pedagogikk eller klinisk sosionom
BUP Haugesund har ein nyoppretta 100% stilling i poliklinikken for psykolog, spesialist i klinisk pedagogikk eller klinisk sosionom.
Er du engasjert i faget ditt, glad i å dele kunnskap og oppteken av eit godt arbeidsmiljø? Då kan du vere akkurat den vi ser etter i teamet vårt på Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP).
Hos oss møter du flinke, rause og trivelege kollegaer – og eit arbeidsmiljø der både trivsel og fagleg utvikling står i sentrum. Vi ønskjer høg fagleg kompetanse, og legg til rette for at du som kollegaen vår kan vere med og utvikle behandlingstilbodet vidare.
Vi nyttar fleire metodar i behandlinga, blant anna B4DT (4-dagars behandling), TF-CBT og DBT. Nye medarbeidarar får god opplæring og moglegheit for kurs og vidareutdanning, slik at du blir trygg i rolla og kan bidra i dei ulike tiltaka våre. Samarbeid står sterkt hjå oss – både fagleg og kollegialt.
Har du kjennskap frå helsetenester for barn og unge? Sjå filmen og bli betre kjent med oss – sjå filmen vår: https://youtu.be/FKTrqoZHBxM
Vi veit at trivsel på jobb er avgjerande, og hos oss satsar vi på eit inkluderande og sosialt miljø. Vi har felleslunsj, fagdagar, trening og hyggelege kveldsarrangement – små og store ting som gjer kvardagen betre.
Høyrest dette ut som ein arbeidsplass for deg? 👉 Søk i dag!
Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt. Har du moglegheit til å starte snart, er det flott – vi avtalar oppstart i lag.
Kva går jobben ut på?
- Du utgreiier, diagnostiserer og behandlar barn og ungdom.
- Du bidrar fagleg gjennom rettleiing, undervisning og samarbeid i team.
- Du har dialog med foreldre og andre som er viktige i livet til barnet eller ungdommen.
Kva slags kompetanse treng du?
- Du må ha norsk autorisasjon som psykolog, vera godkjend spesialist i klinisk pedagogikk eller klinisk sosionom.
- Det er ein føresetnad for tilsetjing at den som søkjer må ha relevant erfaring og kvalifikasjonar som sjølvstendig behandlar, slik at vedkommande kan gå direkte inn i klinisk arbeid. Dette kan vere erfaring frå BUP eller tenester i kommunal regi.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ønskjer at du:
- er flink til å samarbeide og dele kunnskap med andre.
- jobbar strukturert og sjølvstendig.
- er kreativ, open for nye idear og tilpasningsdyktig.
Personlege eigenskapar blir vektlagde, spesielt korleis du passar inn i teamet.
Kvifor skal du velje oss?
- Eit utfordrande og spennande fagfelt i utvikling
- Arbeid i tverrfaglege team.
- Moglegheit for å lære meir og utvikle deg fagleg.
- Eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer.
- Regelmessige faggruppemøter.
- Skrivepermisjon knytt til skriftleg arbeid i spesialistutdanninga for psykologar.
- Jobben er på dagtid, 37,5 timar i veka, med moglegheit for fleksitid.
Litt om oss:
BUP Haugesund gir spesialisthelsetenester til barn og unge frå 0 til 18 år. Vi dekker 10 kommunar i området. Vi har både poliklinikk og døgnpostar for barn og ungdom. Døgnpostane har akuttfunksjon og dekker heile området til Helse Fonna. Poliklinikken er delt inn i to team etter geografi. BUP Haugesund er godkjend som utdanningsstad innan barne- og ungdomspsykiatri.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ferdigheter AI-generert
- Barnepsykiatri
- Norsk
- Spesialhelsetjenesten
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sted: Vinjes gate 10, 5522 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog, Sosionom
Nøkkelord
psykolog, psykologspesialist, sosionom, pedagog, klinisk
Spørsmål om stillingen
Georg Walter Reinhardt
Avdelingsleiar/overlege
Margrethe Reigstad Aase
Funksjonsleiar/psykologspesialist
Firmaets beliggenhet
Vinjes gate 10, 5522 Haugesund
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 477578399
- Sist endret:
- Org.nr.: 983974694Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)




