FINNJobbSøkRogalandSuldal
Ryfylkemuseet logo
Ryfylkemuseet
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Dagleg leiar for Ryfylkemuseet

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Sand
  • Søknadsfrist 26.10.2026
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Øverste leder med ansvar for drift, faglig utvikling, økonomistyring og representasjon av Ryfylkemuseet.

Kvalifikasjoner

  • Dokumentert ledererfaring og resultater
  • Høyere utdanning innen relevante fag
  • Solid økonomiforståelse og erfaring med styring
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Førerkort

Hva vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i KLP
  • Praktisk hjelp i forbindelse med flytting
  • Faglig og personlig utvikling
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Vil du leia Ryfylkemuseet?

Vil du leia eit museum som tek vare på kulturarven i Ryfylke og gjer han levande for nye generasjonar? Ryfylkemuseet søkjer no etter dagleg leiar.

Ryfylkemuseet tek vare på kulturminne, bygningar, gjenstandar og historier frå heile regionen. Me driv aktiv formidling og forsking, og er ein møteplass for både lokalbefolkning og tilreisande. Med eit rikt grunnlag og spennande vekstpotensial søkjer Ryfylkemuseet ein dagleg leiar som vil utvikla museet gjennom aktuelle utstillingar, nyskapande formidling og faglege prosjekt. Som dagleg leiar får du høve til å vidareutvikla museet sitt samfunnsoppdrag og sikra at kunnskapen og kulturarven vår blir tilgjengeleg og relevant for fleire.

Sentrale arbeidsoppgåver

Som dagleg leiar er du øvste leiar for museet, med ansvar for både drift, fagleg utvikling og økonomi.

Du skal:

  • Utvikla og følgja opp planverk og faglege satsingar

  • Representera museet i dialog med kommunar, institusjonar, lag og publikum

  • Leia organisasjonen og følgja opp dei tilsette

  • Sikra økonomistyring, budsjettering og årsrekneskap

  • Rapportera til styret og tilskotsgivarar

  • Stillinga inneber noko reiseverksemd i regionen og krev førarkort

Kvalifikasjonar

Me ønskjer ein leiar som kombinerer gjennomføringsevne med evne til å engasjera og samla andre.

Du har gjerne erfaring frå museum eller kulturfeltet, men me er òg opne for annan relevant bakgrunn.

Me ser etter deg som:

  • Har dokumentert leiarerfaring og resultat

  • Har høgare utdanning innan relevante fag

  • Har solid økonomiforståing og erfaring med styring

  • Samarbeider godt, men tek òg tydelege avgjerder

  • Kommuniserer klart, både skriftleg og munnleg

  • Har evne til å gjera museet synleg og relevant for fleire

Me tilbyr

  • Eit viktig samfunnsoppdrag i ein sentral kulturinstitusjon

  • Høve til fagleg og personleg utvikling

  • Eit engasjert og kompetent arbeidsmiljø

  • Fleksibel arbeidstid og medlemskap i KLP

  • Kontor med utsyn mot fjord og fjell

Me ønskjer at dagleg leiar bur i regionen, og kan tilby praktisk hjelp i samband med flytting.

Send søknad innan 26.10.26. Søknad skal sendast til post@ryfylkemuseet.no.

Har du spørsmål om museet eller stillinga, er du velkomen til å kontakta styreleiar Berit Søvik Østerhus på telefon 977 55 303 eller konsulent Robert Helland-Olsen på telefon 908 40 778.

Meir informasjon finn du òg her: https://ryfylkemuseet.no

Ferdigheter

  • Budsjettarbeid
  • Ledelse
  • Økonomistyring
  • Rapportering
  • Representere organisasjonen
  • Utarbeide årsregnskap

Om arbeidsgiveren

Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum som består av 20 unike kulturdestinasjonar.

Me har samlingar og anlegg i og frå heile Ryfylke-regionen, og tek vare på rundt 80 bygningar med historisk verdi.

Museet har hovudsete og kontorstad på Sand i Suldal.

Formålet til Ryfylkemuseet er å vera ein inkluderande møtestad for kunnskap og opplevingar knytte til kulturarven vår, og ein samfunnsaktør som bidreg til positiv bygdeutvikling.

Museet har fleire fagavdelingar som skal ivareta den museale verksemda.

  • Sted: Nordenden 14, 4230 Sand
  • Bransje: Museer, gallerier og kulturminne
  • Stillingsfunksjon: Ledelse

Nøkkelord

museum, kulturarv, kulturhistorie, ledelse

Spørsmål om stillingen

BS

Berit Søvik Østerhus

Styreleiar

97 75 53 03Kopier telefonnummer 97 75 53 03
RH

Robert Helland-Olsen

Konsulent

90 84 07 78Kopier telefonnummer 90 84 07 78

Firmaets beliggenhet

Nordenden 14, 4230 Sand

Kart
Søknadsfrist: 3 uker igjen
Legg til som favoritt

8 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmeside

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 477496920
  • Sist endret: 1.10.2026, 08:04
  • Org.nr.: 970916482Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse