Rådgivar kommunal planlegging
- Søknadsfrist 19.10.2026
- Mulighet for hjemmekontor Delvis hjemmekontor
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
- Årslønn 700 000 - 900 000 kr
Rådgivar kommunal planlegging
Ønskjer du å jobbe med planlegging, vere ein del av eit planfagleg miljø med fleire planleggarar og vere med å utvikle kommunane i Møre og Romsdal? Ved seksjon for plan er det ledig ei fast 100 % stilling som rådgivar i kommunal planlegging.
Arbeidsoppgåver
- Ha dialog med kommunane om konkrete saker, svare på spørsmål og delta på møte og synfaringar hos kommunane i fylket
- Vere med å utvikle og styrke rettleiingstilbodet fylkeskommunen gir kommunane innan arealplanlegging
- Samordne innspela frå dei ulike ansvarsområda i fylkeskommunen i eit felles brev med ei tilråding. Gjennom ordninga med plansamordning arbeider rådgivaren tett med andre avdelingar i fylkeskommunen.
- Skrive saksframlegg til fylkesutval i saker der fylkeskommunen reiser motsegn eller klage
- Vere med å gjennomføre regionalt planforum
- Gjennomføre kurs, konferansar og faglege plannettverk for kommunane
- Delta i utviklingsarbeid i fylket der plankompetanse er etterspurt
- Delta i utarbeiding av interkommunale planar og regionale planar
- Delta i regionale, nasjonale og internasjonale fora for å hente ny kunnskap, inkludert forskingsprosjekt
Ein må forvente at arbeidsoppgåvene vil kunne bli tilpassa nye behov innanfor dette fagområdet
Kvalifikasjonar
- Du har utdanning på masternivå, gjerne som arealplanleggar, jurist eller tilsvarande, og minst 5 års relevant yrkeserfaring frå arealplanlegging eller planforvaltning
- Lang og relevant erfaring kan i vurderinga kompensere for manglande formell utdanning
- Du har god kjennskap til plan og bygningsloven med tilhøyrande forskrifter og anna relevant lovverk
- Du har gode digitale ferdigheiter og kompetanse i GIS-verktøy
- Du har god forståing av skillet mellom politikk og administrasjon
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, serviceinnstilt og løysingsorientert
- Du er faglig trygg, har gode refleksjonar og trivst med tverrfagleg samarbeid
- Du er god til å formulere deg skriftleg og munnleg på norsk
- Du er samfunnsinteressert - og har gjerne kunnskap om lokale forhold i Møre og Romsdal
Vi tilbyr
- Moglegheit til å påverke framtida for lokalsamfunna i Møre og Romsdal — arbeidet ditt får synleg, reell betydning for korleis kommunane utviklar seg
- Eit fagleg sterkt og trivelig miljø med fleire planleggarar å spele på, der du ikkje står åleine med vanskelege vurderingar
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom kurs, konferansar og nasjonale/internasjonale nettverk
- Fleksitid og gode moglegheiter for å kombinere jobb og familieliv
- Offentleg tenestepensjon (ein av dei beste pensjonsordningane i norsk arbeidsliv), gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
- Arbeidsstad er i utgangspunktet i Molde, men Kristiansund eller Ålesund kan vere mogleg etter ein opplæringsperiode
Ferdigheter AI-generert
- Arealplanlegging
- Endringsarbeid og bidra til utvikling av plansaksbehandlingen
- GIS Software
- Plan- og reguleringsloven (Byplanlegging)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
- Sted: 6415 Molde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Juridiske tjenester, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arealplanlegger, Jurist, Planlegger
Nøkkelord
Arealplanlegger, Planlegger, Jurist, Rettsviter
Spørsmål om stillingen
Ingunn Bekken Sjåholm
Fylkesplansjef
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 477163486
- Sist endret:
- Org.nr.: 944183779Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)

