FINNJobbSøkRogalandHaugesund
Bilde fra arbeidsgiver
Helse Fonna HF logo
Helse Fonna HF
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Systemansvarleg - IKT og helsedata

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Haugesund
  • Søknadsfrist 21.10.2026
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Operativt og koordinerende ansvar for forvaltning og videreutvikling av tildelte IKT-systemer og helsedata i Helse Fonna.

Kvalifikasjoner

  • Relevant høyere utdanning
  • Gode norskkunnskaper, skriftlig og muntlig
  • Erfaring med forvaltning og videreutvikling av fagsystemer er en fordel
  • Erfaring med leverandøroppfølging og endringshåndtering er en fordel
  • Kjennskap til informasjonssikkerhet, personvern og helsedata er en fordel

Hva vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
  • Mulighet til å delta i spennende digitaliseringsprosjekter
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Systemansvarleg – IKT og helsedata

Vil du vere med og utvikle korleis teknologi og helsedata blir brukte i morgondagens helseteneste?

Helse Fonna har etablert ei ny og spennande avdeling for Teknologi og dataflyt, og vi søkjer no ein dyktig og engasjert systemansvarleg til eininga IKT og helsedata.

Hos oss får du ei sentral rolle i å sikre at systema våre fungerer godt, blir vidareutvikla og støttar behova i ei moderne helseteneste. Du vil arbeide i skjeringspunktet mellom teknologi, fag og menneske – og bidra til at dei tilsette har gode digitale verktøy, og at helsedata kan brukast på ein trygg og effektiv måte.

Ei ny avdeling – med store moglegheiter

Teknologi og dataflyt er ei nyoppretta avdeling med ansvar for viktige område innan teknologi, medisinsk-teknisk utstyr, helsedata og dataflyt.

Eininga IKT og helsedata har eit særleg ansvar for å forvalte og vidareutvikle system og løysingar som handterer helsedata. Vi samarbeider tett med fagmiljøa i Helse Fonna, Helse Vest IKT og andre samarbeidspartnarar i helsetenesta.

Vi er i ein fase der både arbeidsformer, teknologi og organisering er under utvikling. Det betyr at du får høve til å påverke korleis vi arbeider – ikkje berre forvalte det som allereie finst.


Kva går jobben ut på?

Stillingstittelen vil vere konsulent, men som systemansvarleg vil du ha eit heilskapleg ansvar for eitt eller fleire system og vere eit viktig bindeledd mellom verksemda, brukarane og teknologimiljøa.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna kunne vere:

  • ha det operative og koordinerande ansvaret for forvaltning av tildelte system
  • følgje opp funksjonalitet, livsløp, kvalitet og vidareutvikling av systema
  • samarbeide tett med fagmiljø og brukarar for å forstå behov og omsetje desse til gode digitale løysingar
  • koordinere endringar, oppgraderingar og nye versjonar
  • følgje opp leverandørar, særleg Helse Vest IKT
  • bidra i prosjekt og forbetringsarbeid
  • gi brukarstøtte og opplæring
  • bidra til god dokumentasjon, gode rutinar og internkontroll
  • identifisere og følgje opp risiko, avvik og forbetringsmoglegheiter
  • bidra til at systema tek vare på krav til informasjonstryggleik, personvern og tilgjengelegheit
  • delta i utviklinga av korleis Helse Fonna kan utnytte helsedata og teknologi på ein betre måte

Du treng ikkje kunne alt frå før. Det viktigaste er at du har interesse for teknologi, systemforvaltning og korleis digitale løysingar kan skape verdi i helsetenesta.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må:

  • ha relevant høgare utdanning
  • kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Det er ein fordel om du har:

  • erfaring med forvaltning og vidareutvikling av fagsystem
  • god teknologiforståing og evne til å setje deg raskt inn i nye system og løysingar
  • erfaring med leverandøroppfølging, endringshandtering og koordinering
  • erfaring frå prosjekt- eller forbetringsarbeid
  • forståing for samspelet mellom teknologi, arbeidsprosessar og behova i verksemda
  • kjennskap til informasjonstryggleik, personvern og krav til trygg behandling av helsedata
  • erfaring frå helsesektoren

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som likar å ha oversikt, ta ansvar og få ting til å skje. Du trivst med å samarbeide på tvers av fagmiljø og evnar å sjå både heilskapen og dei viktige detaljane.

Vi trur du vil trivast hos oss dersom du:

  • er strukturert, sjølvstendig og tek ansvar for å drive oppgåver framover
  • samarbeider godt og kommuniserer tydeleg med både tekniske og ikkje-tekniske miljø
  • er nysgjerrig, løysingsorientert og ser moglegheiter for forbetring
  • trivst med endring og ønskjer å bidra til å utvikle både arbeidsmåtar og løysingar.

    Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

    Vi tilbyr

    • ei sentral rolle i ei nyoppretta avdeling med store utviklingsmoglegheiter
    • høve til å påverke korleis vi skal arbeide med teknologi og helsedata framover
    • varierte oppgåver i skjeringspunktet mellom teknologi, fag og helseteneste
    • samarbeid med dyktige fagmiljø både i Helse Fonna og i Helse Vest IKT
    • høve til å delta i spennande utviklings- og digitaliseringsprosjekt
    • eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og korte avstandar mellom idé og handling
    • ein jobb der det du gjer, faktisk har betydning for pasientar, helsepersonell og helsetenesta.
    • fleksibel arbeidstid
    • gode pensjons- og forsikringsordningar

    👉 Vil du vere med og byggje opp eit fagmiljø og bidra til at teknologi og helsedata blir brukte smartare i Helse Fonna?

    Då vil vi gjerne høyre frå deg!

    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Ferdigheter AI-generert

    • Avviksbehandling
    • Dokumentasjon
    • Informasjonssikkerhet
    • Norsk
    • Risikostyring

    Om arbeidsgiveren

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

    • Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
    • Bransje: Helse og omsorg
    • Stillingsfunksjon: Drift/Operations

    Nøkkelord

    systemutvikler, ikt, helsedata, teknologi, dataflyt

    Spørsmål om stillingen

    EU

    Elin Ulsund Hansen

    Konstituert funksjonsleiar

    Firmaets beliggenhet

    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

    Kart
    Søknadsfrist: 2 uker igjen
    Legg til som favoritt

    304 følger dette firmaet

    Nyttige lenker

    Se flere stillingerBli kjent med Helse Fonna HF

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode: 477140781
    • Sist endret: 24.9.2026, 07:24
    • Org.nr.: 983974694Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
    Rapporter annonse