FINNJobbSøkBuskerudÅl
Bilde fra arbeidsgiver
Ål Kommune logo
Ål Kommune
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Biblioteksjef i Ål kommune

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Ål
  • Søknadsfrist 25.10.2026
  • Mulighet for hjemmekontor Ingen hjemmekontor
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Faglig og administrativ ledelse av Ål bibliotek, med ansvar for økonomi, budsjett, daglig drift og vaktordning.

Kvalifikasjoner

  • Høyere bibliotekfaglig eller kulturfaglig utdanning
  • Ønskelig med ledererfaring og erfaring fra bibliotek
  • God kunnskap om litteratur
  • Digital kompetanse og god systemforståelse

Hva vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • God pensjonsordning i KLP
  • Regionalt fagmiljø og samarbeidsforum
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Er du interessert i litteraturformidling, læring og digital utvikling?

Ål kommune søkjer no biblioteksjef. Me ser etter deg som er oppteken av biblioteket som samfunnsaktør, og som ser biblioteket sin verdi i lokalsamfunnet. Du er engasjert og ambisiøs og vil bidra til å utvikle eit framtidsretta bibliotek. Rolla som biblioteksjef har ein sentral plass i kommunen si sterke satsing på kultur.

Ål bibliotek er eit meirope bibliotek i hjarta av Ål kulturhus. Biblioteket er ein sentral del av kulturlivet i kommunen og samarbeidar breitt med ulike aktørar i lokalmiljøet. 

Litteraturformidling, læring og digital utvikling er viktige satsingsområde. 

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Leie biblioteket fagleg og administrativt i samråd med kommunalsjef kultur. 

  • Ansvar for økonomi, budsjett, rapportering og måloppnåing. 

  • Vidareutvikle biblioteket som kultur- og kunnskapsarena i tråd med kommunale planar og nasjonale føringar. 

  • Følgje med på den samfunnsmessige og teknologiske utviklinga i sektoren.

  • Delta i den daglege verksemda og inngå i biblioteket si vaktordning. 

  • Biblioteksjefen må rekne med noko kvelds- og helgearbeid.

  • Samarbeide med aktørar på kulturhuset og i det frivillige kulturlivet. 

Kvalifikasjonar:

  • Høgare bibliotekfagleg eller kulturfagleg utdanning, eller anna høgare utdanning med breidde og relevante fag.

  • Ynskjeleg med leiarerfaring og erfaring frå bibliotek.  

  • God kunnskap om litteratur. 

  • Digital kompetanse og god systemforståing. 

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert: du tek sjølvstendig ansvar for framdrift, tek initiativ og har høg gjennomføringsevne. Du evnar å halde oversikt og prioritere i ein hektisk arbeidskvardag. 

  • Service- og brukarorientert: du er imøtekommande, positiv og løysingsorientert i samhandling med andre.

  • Relasjonsbyggjar: du er positiv og kan samarbeide på tvers av nivå innad i organisasjonen, samt ut mot fagmiljø i Hallingdalskommunane.

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. 

Me tilbyr:

  • Eit regionalt fagmiljø og samarbeidsforum. 

  • Ein framtidsretta kulturkommune med lange tradisjonar. 

  • Kreativt og godt arbeidsmiljø. 

  • Kompetente og engasjerte medarbeidarar. 

  • Løn etter avtale og god pensjonsordning i KLP. 

Send søknad: 

  • Vitnemål legg du inn saman med søknaden. 

  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista. 

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga. 

Ferdigheter

  • Bibliotek- og informasjonsvitenskap
  • Bibliotekarbeid
  • Budsjettarbeid
  • Litteratur
  • Nynorsk
  • Økonomistyring

Om arbeidsgiveren

Ål kommune kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg. Ål kulturhus tilbyr spennande og variert program for heile Hallingdal.
Ål kommune har gode tenestetilbod, noko som gjer det til ein god stad å bu.
Kortreist kvardag.
Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!

  • Sted: Torget 1, 3570 Ål
  • Hjemmekontor: Ingen hjemmekontor
  • Bransje: Arkiv og bibliotek, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Arkivar og bibliotekar, Kultur og museum, Ledelse

Nøkkelord

biblioteksjef, litteraturformidling, digital utvikling, bibliotek, leiarerfaring

Spørsmål om stillingen

IB

Inger Bråten

Kommunalsjef kultur

48 10 09 06Kopier telefonnummer 48 10 09 06

Firmaets beliggenhet

Torget 1, 3570 Ål

Kart
Søknadsfrist: 3 uker igjen
Legg til som favoritt

63 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmesideBli kjent med Ål Kommune

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 477126905
  • Sist endret: 23.9.2026, 12:10
  • Org.nr.: 864952992Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse