Jordmor
- Søknadsfrist 18.10.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
- Antall stillinger 4 stillinger
Jordmor
Kvinneklinikken søker etter jordmødre som ønsker å jobbe hos oss.
Litt om Fødeavdelinga:
Kvinneklinikken har tre fødeeiningar: Føde A/B, Føde C og Føde D Storken. Føde A/B har ansvar for risikofødande og deira barseltid, samt gravide som blir innlagd i svangerskapet. Føde C er ei kombinert eining og ivaretar fødande i eit mellom-risikonivå. Føde D Storken er også ei kombinert lavrisiko føde-barseleining.
Ved Svangerskap og barselpoliklinikk har vi poliklinisk oppfølging for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet, terminkontrollar og ØH-situasjonar. Der er òg barseloppfølging, ammepoliklinikk og samtalar for kvinner med fødselsangst.
Fødeavdelinga er ein spennande arbeidsstad for jordmødrer som ønsker å vere med å utvikle heilskaplege omsorgsmodellar innan svangerskap- fødsel og barselomsorg. Vi søker etter jordmødrer som har interesse for alle fagområda innan fødselsomsorga. Det er tett samarbeid mellom alle seksjonane i Fødeavdelinga.
Stillinga er ved Fødeavdelinga, det er ledig 4 faste 100% stillingar i 3 delt turnus. Aktuelle kandidatar må kunne jobbe 3 delt turnus.
Vi søker etter jordmødrer som vil vere med å engasjere seg i utviklinga på Fødeavdelinga. Du er ansvarleg, løysingsorientert og bidrar med din veremåte til eit positivt og godt miljø for utvikling og teamarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Jordmorfagleg ansvar for gravide, fødande og barselkvinner
- Rettleiing av "nybakte foreldre"
- Rettleiing av jordmorstudentar, sjukepleiarstudentar og medisinarstudentar
- Oppfølging av nyfødde i perinatalperioden
- På fødeavdelinga er vi avhengige av jordmødrer med ulik kompetanse, vi har ansvarsvakter på alle skift. Dette er ei viktig rolle og ein viktig del av arbeidet, og vil inngå i arbeidsoppgåvene når ein har fått erfaring og kompetanse til dette
Kvalifikasjonar
- Jordmorutdanning med norsk autorisasjon
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
- Må meistre norsk eller skandinavisk språk munnleg og skriftleg
- Erfaring frå fødselsarbeid på Kvinneklinikknivå er ein fordel
- Erfaring med elektronisk fosterovervaking (STAN-sertifisert)
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonseevner
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Vere ein god teamarbeidar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Fleksibel
- Tole endring
- Tilpassingsdyktig
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Det vil bli turnusarbeid, med 3-delt turnus. Arbeid i snitt kvar 3. helg.
- Haukeland sjukehus har tilbod om barnehage for tilsette
- Bedriftsidrettslag
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ferdigheter AI-generert
- Klinisk arbeid som jordmor føde / barsel
- Nordisk spåk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Antall stillinger: 4
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Jordmor
Nøkkelord
Jordmor, Kvinneklinikken, Fødeavdeling, Haukeland sykehus
Spørsmål om stillingen
Kari Aarø
Seksjonsleiar
Firmaets beliggenhet
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 477056289
- Sist endret:
- Org.nr.: 974557746Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)






