Bildegalleri
Ubrukt brudekjole + ekstra stoff
Til salgs
Frakt fra 109 kr + Trygg betaling 280 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Etter levering har du 24 timer til å se over varen. Hvis det er noe galt med varen, får du pengene dine tilbake.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Helt ny - Uåpnet/med lapp
Størrelse: XL
Materiale: Satin
Farge: Hvit
Selger ein klassisk og tidlaus brudekjole frå merket Loré White. Satengstoff med nydeleg glans i fargen Ivory. Stoffkledde knappar i ryggen og heilt ned i slepet.
Kjøpt på brudesalong, men den er ubrukt og har ikkje blitt tilpassa til meg. Den er kun prøvd på ein gong hos skreddar, då vi oppdaga at salongen hadde levert feil storleik. Salongen ville bestille ny kjole, men med levering berre nokre veker før bryllaupet. Det hadde eg ikkje nervar til, så enda opp med å kjøpe ein annan kjole, og då ville ikkje salongen ta kjolen i retur.
Kjolen er storleik UK20, og vil passe til brystmål 108 cm og midjemål 87cm. Var altfor lang til meg på 1.65 då eg prøvde den, så tippar den kan tilpassast til alle under 1.80 i lengde. Underskjørt kan fjernast eller leggast til, alt etter kor mykje volum ein vil ha. Per i dag er der tre tyll-lag i underskjørtet. Foldane ligg slik at det også kan vere veldig fint å legge inn en splitt i skjørtet. Det følger også med rikelig med ekstra stoff (2m x 1,4m), sidan eg hadde planar om å få sydd ein overdel. Er oppbevart i klespose innandørs i røyk- og dyrefri heim.
Håper og trur at nokon andre vil kunne få stor glede av kjolen! Nypris var 15 900 kr for kjolen + 1250 kr for ekstra stoff. Open for å diskutere pris ved hurtig avgjerd. Kan prøvast på i Ørskog.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 18.9.2026 kl. 15:31 ・ FINN-kode: 476716250

