FINNJobbSøkMøre og RomsdalSande (M.R.)
Bilde fra arbeidsgiver
TenTek logo
TenTek
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Trainee - Maskin-/Skipsingeniør - TenTek

Trainee stilling ∙ Heltid ∙ Gursken
  • Søknadsfrist Snarest
  • Sektor Privat

Kortversjonen

Traineestilling innen maskin- og skipsdesign med arbeid innen 3D-modellering, tekniske tegninger og prosjektoppfølging for maritime produkter.

Kvalifikasjoner

  • Bachelor- eller mastergrad innen maskiningeniørfag, skipsdesign, marin teknikk eller lignende
  • Nyutdannet eller inntil 2 års arbeidserfaring

Hva vi tilbyr

  • Tilknytning til Spring - Traineeprogrammet på Søre Sunnmøre
  • Mulighet for fast ansettelse etter traineeperioden (frem til 1. sept 2027)
  • Tett oppfølging fra erfarne ingeniører
  • Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Bli trainee i TenTek! (Maskin-/Skipsingeniør)

Vil du vere med på vår vekstreise? Etterspørselen etter TenTek sine tenester og produkt aukar, og no ser vi etter ein trainee som ønsker å utvikle seg som maskin- eller skipsingeniør hos oss.

Hos TenTek får du jobbe med utvikling, design og bygging av maritime konstruksjonar og utstyr for havbruksnæringa. Som trainee blir du del av konstruksjonsavdelinga og får vere med på heile prosessen, frå idé og design til ferdig produkt.

Kva vil du jobbe med?

  • Konstruksjon og utvikling av maritime produkt og løysingar

  • 3D-modellering og tekniske teikningar

  • Utrekningar og tekniske vurderingar

  • Oppfølging av prosjekt frå design til produksjon

  • Engineeringoppdrag for kundar innan maritim næring og havbruk

Kven ser vi etter?

  • Vi ser etter deg som:

  • Har eller snart fullfører bachelor- eller mastergrad innan maskiningeniørfag, skipsdesign, marin teknikk eller liknande

  • Er nyutdanna eller har inntil 2 års arbeidserfaring

  • Er nysgjerrig, lærevillig og ønskjer å utvikle deg fagleg

  • Likar å finne praktiske løysingar på tekniske utfordringar

Kvifor velje TenTek?

TenTek held til i Haugsbygda i Sande kommune og samarbeider tett med søsterselskapet Pipe Systems Engineering. Til saman er vi nærmare 60 medarbeidarar med brei kompetanse innan engineering, produksjon og maritime løysingar

Hos oss får du tidleg ansvar, tett oppfølging frå erfarne ingeniørar og moglegheita til å sjå resultata av det du teiknar og utviklar ute i verkstaden og på sjøen.

Vi tilbyr:

  • Ei variert og praktisk trainee-stilling med fagleg utvikling

  • Tett oppfølging frå erfarne ingeniørar

  • Muligheit til å påverke og ta ansvar frå første dag

  • Eit godt arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar

  • Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår


Skap di draumekarriere på Søre Sunnmøre

Gjennom denne stillinga er du tilknytt Spring – Traineeprogrammet på Søre Sunnmøre. Vi tilbyr fagleg utvikling, sosialt samhald og erfaringsutveksling i ein framtidsretta region med rolege omgivelsar og spektakulær natur. Vi tilbyr:

  • Fagleg utvikling: Gjennom fire samlingar får du fagleg og personleg utvikling, erfaringsutveksling og bedriftsbesøk. Saman legg vi eit makelaust grunnlag for ei karriere i regionen!

  • Sosialt samhald: Spring arrangerer turar, fellesmiddagar og samankomstar gjennom året. Oppdag fjella, fjøra, dei gode lokalsamfunna, dugnadsånda og idrettsgleda.

  • Erfaringsutveksling: Spring legg til rette for erfaringsutveksling mellom våre traineear, og er ein døropnar til faglege arenaer og nettverk i regionen. Traineeane skal dele erfaringar og rådføre kvarandre gjennom dei faglege samlingane, og får delta på arrangement og konferansar saman med andre næringslivsinteresserte i regionen.

Oppstart: Så snart som mulig

Varigheit: frem til 1. sept 2027, med moglegheit for fast tilsetting etter traineeperioda

Vi vurderer søknadar fortløpande og gjennomfører intervju undervegs i søknadsperioden. Vi oppmodar derfor interesserte kandidatar til å søkje så snart som mogleg.

Ferdigheter
AI-generert

  • 3D-modellering
  • foreta kalkulasjoner
  • Ingeniørkunst
  • Marinteknikk
  • Maritim teknologi
  • Skips- og marinteknikk
  • Teknisk design
  • Teknisk tegning

Om arbeidsgiveren

  • Sted: Budavegen 48, 6082 Gursken
  • Bransje: Maritim og offshore
  • Stillingsfunksjon: Marinteknikk / Naval architecture, Mekanisk

Nøkkelord

trainee, ingeniør, maritim, skipsdesign, teknisk

Spørsmål om stillingen

TV

Tone Voldsund Aarseth

Management Consultant

+474797086336Kopier telefonnummer +474797086336

Firmaets beliggenhet

Budavegen 48, 6082 Gursken

Kart
Søknadsfrist: Snarest

502 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmesideBli kjent med Yapril AS

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 476458700
  • Sist endret: 15.9.2026, 10:49
  • Org.nr.: 997971922Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse