Bildegalleri
Sjeldan Richard Wheatley Fly Tyer's Box i tre – CHENEY ENGLAND beslag
Til salgs
Frakt fra 109 kr + Trygg betaling 197 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Etter levering har du 24 timer til å se over varen. Hvis det er noe galt med varen, får du pengene dine tilbake.
Lag en pakke
Kjøp mer fra selgeren og betal bare én fraktkostnad.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Pris: 4800 kr / seriøse bod vurderast
Stor og uvanleg eldre Richard Wheatley Fly Tyer's Box / fluebindingskoffert i tre. Dette er ein vesentleg større og meir omfattande type enn dei vanlege Richard Wheatley-flueboksane.
Kofferten er spesialinnreidd for oppbevaring og transport av fluebindingsmateriale og utstyr, med fleire rom, uttakbart brett og transparente skyveplater.
På lokket er den store Richard Wheatley-logoen med flue, signatur og RW-monogram utført direkte i treverket.
Begge låsebeslaga er originale/perioderiktige og tydeleg stempla CHENEY ENGLAND, ein kjent britisk produsent av kvalitetsbeslag til koffertar og skrin.
Innreiinga har fleire interessante eldre detaljar:
• Kraftige transparente skyveplater, målt til ca. 5 mm tykkelse, med markert blåleg kant. Materialtypen er ikkje fastslått, og eg ønskjer derfor ikkje å omtale dei som moderne pleksiglass.
• Raud filt på undersida av det uttakbare brettet.
• Original skillelist til lokket følger med, men har losna og bør festast tilbake.
• Eldre rund etikett/rest av etikett finst framleis innvendig. Denne er ikkje forsøkt fjerna eller restaurert.
Konstruksjonen består av finerte/laminerte trekomponentar med presist freste spor og spesialtilpassa innreiing.
Mål lukka:
50,5 cm lang
30,5 cm djup
16,0 cm høg
Djupn ca. 31,5 cm inkludert utstikkande gummiknottar/føter.
Kofferten har naturleg patina, riper og bruksspor. Det finst også enkelte eldre farge-/malingsmerke innvendig. Desse er i hovudsak latt vere urørte for å unngå skade på original overflate og innreiing.
Eksakt modellnummer og produksjonsår er førebels ikkje dokumentert. Konstruksjon og beslag peikar mot midten av 1900-talet, men eg sel han som udaterert vintage Richard Wheatley framfor å oppgi eit bestemt tiår utan dokumentasjon.
Store Richard Wheatley Fly Tyer's Boxes ser ut til å vere langt sjeldnare på marknaden enn firmaets vanlege lommeflueboksar. Eit interessant objekt for samlar av klassisk britisk fiskeutstyr, fluebindar eller fluefiskar.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 16.10.2026 kl. 20:00 ・ FINN-kode: 476274423
