Bildegalleri
Welsh cob sec D , unghingstar/ vallaker
Til salgs
60 000 kr
Beskrivelse av varen
Vi er i prosess med å måtte flytte stallen pga. vegutbygging og må difor ned på antallet hestar her på stutteriet.
Vi lager ei samleannonse her , meir bilder og opplysningar om den enkelte hest kan du få på mail, messenger el. telefon. Ring gjerne eller kom på besøk, da vi kanskje også har andre som kan passe deg. Merk at ingen i denne annonsa er innridde enda, men at dei no er klar for vidare trening.
Guttane våre har ikkje gjort så mykje hittil i livet, så søker ein ny heim som kan ta på seg den oppgava. Som oppdrettar har vi gitt dei ein god start i livet, dei fekk gå med mor si i flokk på lausdrift til dei og dei andre hingsteåringane blei flytta for seg ca 10 mnd gammal. Har hatt leikekompisar og sprunge i bakkar, klatra i utmark m.m.
Det har vist seg med hestar vi har solgt, at dette gir eit godt grunnlag for eit aktivt hesteliv.
Alle er veldig godt sosialisert sammen med andre hestar, går i flokk ute. Kastrering er planlagt utover høsten. Pris vil stige etter kastrering (liggande kastrering på klinikk ca 16000,-) og ved vidare trening.
Det vil komme eigne annonser for desse, pluss for dei andre vi har for salg.
Vi har også eitt hingsteføll, fleire flotte unghopper, både kat 1 ponni og i hestestørrelse.
Alle har veldig god stamme, snille foreldre og flott eksteriør,
STORHAUGS BLACK MARVEL 3år, 153 cm no vokser litt meir. Staselig, flott eksteriør. Blir ikkje spart som hingst her hos oss, da vi har mor og far.
Mor: Storhaugs Black Bess, 1.pr, Dagens Hest Dyrskun ,Best in Show m.m.
Far: Storhaugs Gwydion, Res. Int. Cob champion ++
Pris: 90000,-
STORHAUGS GETHIN 2 år, trur han vil holde ponnimål
Mor: Storhaugs Georgina
Far: Jahrs Jack Daniel 1.pr
Pris: 60000,-
STORHAUGS ELLIOT 2 år, går nok over ponnimål
Mor: Storhaugs Emily 2. pr'
Far: Storhaugs Gerwyn 1. pr
Pris: 65000,-
STORHAUGS GWYN DDU 2 år, 150 ++
Mor: Storhaugs Gwenllian 1.pr, Champion i UK ++
Far: Storhaugs Bradley (lisensiert, ikkje vist enda)
Pris: 70000,-
Vi har også Welsh sec C for salg, flotte hingsteføll og hoppeføll, pluss 2-års hingst som blir kastrert i høst (han blir ca 130 cm)
Storhaug Welsh-stutteri
har avla Welshponniar og Welsh Cob sidan 1994. Hos oss er kvalitet i avlen svært viktig! Vi har også selt våre welsh cob til stutteri og brukarar i Danmark, Sverige, Finland, Nederland og England. Hingstar frå oss er blitt kåra i Sverige,Finland og i Nederland.
Vårt oppdrett har gjort suksess i utstillingsringen og på konkurransebanen både i Norge og utlandet. Har også vist seg som gode ride- og kjørehestar ,m. bla. seier på AEG i sprang og FEI- klasser i dressur.
Vi har welsh cob som egnar seg for familiehest, avl- og utstilling, framtidige konkurransehestar/ponniar. Vi er opptatt av at kjøparen skal få ein welsh cob til sitt formål.
Welsh Cob under ponnimål ,hevder seg godt i ponnisporten. Welsh Cob i hestestørrelse, er det fleire og fleire som går over til -- etter å ha slutta med "dei store brune". Ein meir allsidig hest en Welsh Cob skal du leite lenge etter!Ta gjerne kontakt på mail eller telefon om du ønsker meir informasjon (og prisar) om enkelte. Eg er opptatt av å finne rett eigar til rett hest , da blir det vellykka!
Storhaug Welsh Cobs er vår facebookside, men ikkje særlig oppdatert pga tidsmangel.
Alle vår welshar er registrert i NPA med rødt pass, og er/kan også registrerast i WPCS.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 11.9.2026 kl. 13:59 ・ FINN-kode: 476115887
