Deltakarar på Nynorsk scenespråksenter
- Søknadsfrist 1.10.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Organisasjoner
- Antall stillinger 4 stillinger
Betalt etterutdanning i dialektovergang for skodespelarar
Ved Nynorsk scenespråksenter lærer du metoden for dialektovergang, som går over seks trinn.
Undervisinga er ein miks av teori og praktiske øvingar, og du får arbeide med scenetekstar i form av både monologar og dialogar, samt jobbe med regissør.
I tillegg får du ei innføring i nynorsk språkhistorie og grammatikk.
Oppstart er 11. januar 2027.
Kva lærer du?
Du får ei innføring i nynorsk
Du lærer å bruke nynorsk scenespråk levande og truverdig
Du lærer metode for dialektovergang, som kan brukast på alle dialekter
Du blir ein ressurs for oppdragsgjevarar og andre skodespelarar i møte med nynorsk tekst og scenespråk
Vi ser etter:
Du kan sjekke av på minst eitt av desse punkta:
Medlemsskap i Norsk skuespillerforbund eller tilsvarande organisasjon
Fullført bachelor eller tilsvarande utdanning som skodespelar
Medverka i minst fire profesjonelle sceneproduksjonar
Vi tilbyr:
Ein kompetanse det er bruk for i bransjen
Betalt etterutdanning i 14 veker
Fri bustad og eit fantastisk fellesskap
Undervisning med erfarne og anerkjende lærarar
Individuell oppfølging og trening i dialekt- og språkovergang
Høve til å utforske og utvikle eiga kunstnarisk stemme
Søknaden sendast inn gjennom skjema på nettsida vår: https://www.nynorskscenespraksenter.no/sok/
Ved spørsmål, kontakt avdelingsleiar Synne Solberg på synne@teatervestland.no eller tlf. 958 06 835
Ferdigheter
- Skuespill
- Skuespillerteknikker
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Nynorsk scenespråksenter er Teater Vestland si etterutdanning og eit nasjonalt senter for skodespelarar frå heile landet, der dei får styrka kompetansen sin i nynorsk og overgang til nynorsknære dialekter.
Det kan vere typiske utfordringar i møte med eit scenespråk som er annleis enn det språket, dialekta eller språkstilen du bruker til vanleg. På Nynorsk scenespråksenter lærer du dialektovergang, først og fremst til nynorsknære dialekter, men metoden kan brukast på kva dialekt som helst.
Teater Vestland er eit regionteater som turnerer i Vestland fylke. Det vart etablert i 1977 med namnet Sogn og Fjordane Teater, som det andre nynorskteateret i Noreg. Teater Vestland nyttar nynorsknære dialekter som scenespråk og syner kvart år 5-7 premierar og rundt 250 framsyningar.
Teater Vestland flytta i 2023 inn i nye teaterlokale i Nynorskhuset, den største nynorskklynga i landet, saman med NRK Vestland, Firda, Nynorsk Avissenter og Nynorsk mediesenter. Nynorskhuset ligg midt i Førde sentrum.
- Antall stillinger: 4
- Sted: Storehagen 10, 6800 Førde
- Bransje: Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Utøvende kunst
Nøkkelord
dialektovergang, nynorsk, scenespråk, skodespelar, teater
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 476038411
- Sist endret:
- Org.nr.: 929181557Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


