FINNJobbSøkVestlandBømlo
BREMNES SEASHORE AS logo
BREMNES SEASHORE AS
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Utviklar digitalisering

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Bremnes
  • Søknadsfrist 29.9.2026
  • Sektor Privat

Kortversjonen

Utvikle og videreutvikle løsninger i Microsoft Power Platform og bidra til selskapets Databricks-baserte dataplattform.

Kvalifikasjoner

  • Solid teknologisk erfaring
  • Erfaring med Power Apps, Power Automate og Dataverse
  • Erfaring med API-er og skybaserte dataplattformer
  • Erfaring med Databricks, Power BI eller Python

Hva vi tilbyr

  • Sentral rolle i et lite og handlekraftig team
  • Stor frihet og korte beslutningsveier
  • Gode muligheter til å påvirke videre digital utvikling i en spennende havbruksvirksomhet
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Vil du byggje digitale løysingar som faktisk betyr noko i kvardagen?

Bremnes Seashore ser etter ein senior plattform- og løysingsutviklar som vil vere med og utvikle digitale løysingar som gir konkret verdi i kvardagen. Hos oss skjer digitalisering tett på folk, produksjon, logistikk og leiing - og målet er å byggje løysingar som gjer arbeidsdagen enklare, datagrunnlaget betre og verksemda meir effektiv.

I denne rolla blir du ein del av digitaliseringsteamet på Bømlo, der du får jobbe tett på både teknologi, data og forretning. Du vil utvikle og vidareutvikle løysingar i Microsoft Power Platform, byggje Power Apps for interne arbeidsprosessar, automatisere arbeidsflytar med Power Automate og utforske moglegheiter innan AI og Copilot Studio. I tillegg får du bidra inn mot selskapet si Databricks-baserte dataplattform, med arbeid knytt til datakvalitet, datamodellering, datapipelines og integrasjonar mellom ulike system og datakjelder.

Vi ser etter deg som har solid teknologisk erfaring og som likar å forstå behova bak løysingane du byggjer. Kanskje har du erfaring med Power Apps, Power Automate, Dataverse, API-ar, skybaserte dataplattformer, Databricks, Power BI eller Python. Det viktigaste er at du trivst med å jobbe tett på brukarar og fagmiljø, tek ansvar for eigne leveransar og ønskjer å bruke kompetansen din til å skape løysingar som fungerer i praksis.

Hos Bremnes Seashore får du ei sentral rolle i eit lite og handlekraftig team, med stor fridom, korte vegar og gode moglegheiter til å påverke vidare digital utvikling i ei spennande havbruksverksemd.

Arbeidsstad er ved hovudkontoret på Bømlo.

Er du klar for å ta steget vidare i karrieren? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Ta gjerne kontakt med vår rekrutteringspartner i HYR, Jan Erik Røstbø på telefon 90074013 eller e-post jan.erik.rostbo@hyr.no for ei hyggeleg prat om stillinga.

Søknadsfrist: 29.09.2026

Ferdigheter
AI-generert

  • Application Programming Interfaces (APIs)
  • Data Modeling
  • Development of data pipelines
  • Kjennskap til skyplattformer
  • Kunstig intelligens
  • kvalitetssikring av data

Om arbeidsgiveren

Bremnes Seashore er ei av dei største familieeigde lakseoppdrettarane i Norge, med hovudkontor på Bømlo og aktivitet i både Rogaland og Vestland. Me har vore ein del av kystnæringa sidan 1937, og har vakse fram i tett samarbeid med lokalsamfunna våre.

  • Sted: Øklandsvegen 90, 5430 Bremnes
  • Bransje: Fiskeri og oppdrett, IT, Matvareproduksjon og -industri
  • Stillingsfunksjon: Drift/Operations, Full stack utvikler, Utvikler (generell)

Nøkkelord

digitalisering, plattformutvikling, løysingsutvikling, microsoft power platform

Spørsmål om stillingen

JE

Jan Erik Røstbø

Seniorrådgiver, Bergen

90 07 40 13Kopier telefonnummer 90 07 40 13

Firmaets beliggenhet

Øklandsvegen 90, 5430 Bremnes

Kart
Søknadsfrist: 2 uker igjen

42 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmesideBli kjent med HYR BERGEN AS

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 475859399
  • Sist endret: 7.9.2026, 22:41
  • Org.nr.: 933219534Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse