Bildegalleri
Grøn tursekk (rundt 50 liter)
Til salgs
Frakt fra 109 kr + Trygg betaling 40 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Etter levering har du 24 timer til å se over varen. Hvis det er noe galt med varen, får du pengene dine tilbake.
Lag en pakke
Kjøp mer fra selgeren og betal bare én fraktkostnad.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Må fikses - Noen mangler/ødelagte deler
Fekk ein tursekk frå foreldra mine som dei vann i eit lotteri ein gong. Sidan eg allereie har ein sel eg den heller vidare. Sekken har ingen merke, materiallapp eller informasjon om kor mange liter den er. Eg vil anslå at den er mellom 40-60 liter, og eg reknar med den passar fint til dagsturar eller eitt døgn med overnatting i marka. Den verkar å passe fint for meg som er 1.89 og rundt 75 kg, og det kan justerast både her og der.
Sekken har ein fin grønfarge, og har solid metallramme. Truleg er stoffet i relativt tjukk og solid nylon, med gummi på innsida for at det skal tole meir vatn.
Sekken har eitt stort hovudrom, ei lita lomme på innsida av hovedromet, ei topplomme, to sidelommer og ei hendig opning til botnen av sekken (for å nå tak i sovepose e.l.). Det er også snøring for å stengje att frå hovudrommet ned til nedre del av sekken. Nedst på sekken kan ein feste liggjeunderlag på utsida. Tursekken ser ganske fin og solid ut i stoffet, men det er merkbart at detaljar som plastspenner, snøring og glidelåsar er av det billegare slaget. Sekken er ca. 63 cm høg og 40 cm brei.
Tilstand på sekken:
- Stoffet ser fint ut og eg finn ingen hol, men det kan vere nokre små flekkar. Eg vaska bort dei eg såg. Sekken er elles støvsugd inni og utanpå.
- Festepunktet på brystet manglar, så ein får ikkje klipse saman på toppen.
- Eitt av festa som held liggjeunderlaget på plass har fått ein bit knekt av. Sidan eg ikkje har brukt sekken er eg litt usikker på kor stort problem det er.
Dei to nedste punkta gjer at eg markerer sekken som "Må fikses - Noen mangler/ødelagt deler", men eg trur den burde fungere greit sjølv med desse to skavankane.
Elles har midjefestet ikkje ein heilt optimal konstruksjon etter mi meining sidan spenna er festa på sida og ikkje i midten.
Hentast helst på Bøler grunna storleiken på sekken.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 6.9.2026 kl. 21:09 ・ FINN-kode: 475760586
