Bildegalleri
M53-sekk frå forsvaret i nylon med lærreimer og metallramme
Til salgs
Frakt fra 109 kr + Trygg betaling 40 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Etter levering har du 24 timer til å se over varen. Hvis det er noe galt med varen, får du pengene dine tilbake.
Lag en pakke
Kjøp mer fra selgeren og betal bare én fraktkostnad.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Fekk ein tursekk frå ei tante som ho hadde skaffa frå ein bruktbutikk e.l. Sidan eg ikkje treng denne sel eg den heller vidare. Av det eg kan finne på nettet ser det ut til å vere ein M53-sekk frå forsvaret. Det kan hende den er produsert i 1991 (sjå bilete av lapp inni sekken).
Sekken er militærgrøn, og har solid metallramme, reimer i lær og stoffet er truleg nylon.
Den har eitt stort hovudrom, og to lommer på sidene. I loket er det eit rom som ein lukkar med glidelås. Det er også lærreimer for å feste telt, sovepose e.l. på toppen av topplomma. Justering av sekk blir gjort med lærreimene. Av det eg har lese på nettet skal den ta ca. 50 liter.
Høgda er rundt 50 cm, breidde 38 cm og tjukkelse 13 cm. Vekta er ca. 2.2 kg. Sekken er støvsugd på innsida og utsida.
Tilstand på sekken:
- Sekken ser i utgangspunktet ganske fin og lite brukt ut, men den har fått merke tidens tann gjennom eir på mange av metalldelane (sjå bilete).
- Stoffet ser fint ut, med unntak av litt flekkar på botnen av ei av sidelommene (sjå bilete), men det har ingen skader eller hol som eg kan sjå.
- Lærreimene ser fine ut, med unntak av nokre riper (sjå bilete), men dei følast litt tørre. Kan ikkje sjå at dei er morkne, og eg prøvde å drage og slite litt i dei utan problem. Men skal ikkje utelukke at dei har blitt litt dårlegare med tida.
Kan hentast på Bøler eller sendast mot betaling. Postnord er nok lurast grunna storleik.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 6.9.2026 kl. 19:45 ・ FINN-kode: 475738883

