FINNJobbSøkVestlandStryn
Firda Billag Buss AS logo
Firda Billag Buss AS
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Driftsleiar Nordfjord

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Stryn
  • Søknadsfrist 20.09.2026
  • Sektor Privat

Kortversjonen

Ansvar for daglig rutedrift, personalansvar for ca. 53 ansatte, samt videreutvikling av kommersielle bussturer i Nordfjord.

Kvalifikasjoner

  • Relevant utdanning
  • Ledererfaring
  • Erfaring fra transport og logistikk er en fordel
  • Gode PC-ferdigheter
  • Teknisk forståelse av drift og materiell

Hva vi tilbyr

  • Konkurransedyktige vilkår med gode forsikrings- og pensjonsordninger
  • Mulighet for kurs og kompetanseheving
  • Tilgang til bedriftshelsetjeneste
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Vil du vere ein del av eit team, som sikrar god kollektivtransport i heile Nordfjordregionen?

Om stillinga

Firda Billag Buss AS har ansvar for bussrutene i Nordfjord, og vi søkjer no ein driftsleiar som vil spele ei sentral rolle i å sikre god og effektiv drift. Dette er ei leiarstilling med stor påverknadskraft, der du får ansvar for både dagleg trafikkavvikling og strategisk utvikling av rutepakka Nordfjord.

Ansvarsområde

Som driftsleiar har du det overordna ansvaret for at rutedrifta går som planlagt - frå tilrettelegging og oppfølging av sjåførar og materiell til god dialog med oppdragsgjevar Skyss. Du blir ein nøkkelperson for kvalitet og leveranse.

Stillingen inkluderer personalansvar for avdelinga, som består av tre tilsette i administrasjonen og om lag 50 sjåførar. Du vil ilag med teamet ditt, leie, motivere og utvikle medarbeidarane dine, og bidra til eit trygt og godt arbeidsmiljø.

I tillegg vil du ha ei sentral rolle i å vidareutvikle marknaden for kommersielle bussturar i Nordfjord.

Arbeidsoppgaver

  • Leie og tilrettelegge for effektiv drift av bussmateriell og ruteplanlegging
  • Følgje opp måltal for kontraktsområdet Nordfjord
  • Personal- og HMS-ansvar for avdelinga
  • Sikre kvalitet og kontinuerleg forbetring i drifta

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har relevant utdanning og leiarerfaring. Erfaring frå transport og logistikk er ein fordel, men ikkje avgjerande - det viktigaste er at du har evne til å leie og skape struktur i ein hektisk kvardag.

Vi søkjer deg som

  • Likar å jobbe med folk og byggje gode relasjonar
  • Har fokus på utvikling og kontinuerleg forbetring
  • Kommuniserer tydeleg og skapar tillit
  • Er sjølvdriven, ansvarsbevisst og har god arbeidskapasitet
  • Leiar med fokus på kvalitet og våre verdiar
  • Er serviceinnstilt og lyttar til både kundar og medarbeidarar
  • Har, eller ynskjer å tilegne seg teknisk forsåelse av drifta og materiellet vårt. 
  • Har gode ferdigheiter på PC

Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn og bakgrunn. Som IA-bedrift legg vi til rette for gode arbeidsforhold.

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktige vilkår med gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Ein trygg arbeidsplass med engasjerte kollegaer
  • Varierte oppgåver i eit miljø der folk brenn for jobben sin
  • Moglegheit for kurs og kompetanseheving
  • Tilgang til bedriftshelseteneste

Spørsmål om stillinga

Vi ser fram til å høyre frå deg! 

Har du spørsmål? Ta kontakt med dagleg leiar Lars Andreas Kårstad, tlf. +47 95 98 81 94.

Ferdigheter
AI-generert

  • Dataferdigheter
  • HMS for ledere
  • Kvalitetssikring
  • Ruteplanleging

Om arbeidsgiveren

Firda Billag Buss er eit dotterselskap av Firda Billag AS og Connect Bus Norge AS. Selskapet køyrer på offentlege kontraktar og har i dag transportansvar for lokale ruter i Sunnfjord og Nordfjord. Her har vi ambisjonar om vekst rigger oss for å vinne fleire anbod. I tillegg køyrer ekspressrutene NW 431 og VY 170 og har ei eiga turbussavdeling. Selskapet har totalt 215 tilsette og 205 bussar. Hovudkontoret vårt ligg i Førde, og her sit trafikk- og planavdelinga for Sunnfjord, samt teknisk leiar og dagleg leiar. 

Avdeling Nordfjord består av to trafikkleiarar, ein driftskoordinator og om lag 50 sjåførar. Nordfjord-kontrakta er ansvarleg for rutesatt busstransport i kommunane Stryn, Kinn (Måløy) og Stad.

Avdeling Førde består av ei turbussavdeling, to trafikkleiarar og ei planavdeling. Vi har 117 dyktige sjåførar som køyrer lokalruter i områda Askvoll, Fjaler, Kinn (Florø), Sunnfjord, Hyllestad, Gulen, Solund og Sogndal (Balestrand). I tillegg har avdelinga ca 50 tilkalling- og drosjesjåførar. 

  • Sted: Hegrevegen 8, 6783 Stryn
  • Bransje: Transport og logistikk
  • Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Ledelse

Spørsmål om stillingen

IK

Ingen kontakperson oppgitt

Firmaets beliggenhet

Hegrevegen 8, 6783 Stryn

Kart
Søknadsfrist: 5 dager igjen

31 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Se flere stillingerBli kjent med Firda Billag Buss AS

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 475543439
  • Sist endret: 4.9.2026, 15:16
  • Org.nr.: 997269853Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse