
Bildegalleri
Virgilio Pinera - Kaldt fortalt
Til salgs
150 kr
Beskrivelse av varen
Kaldt fortalt er eit utval noveller frå ein av Cubas mest sentrale fattarar, Virgilio Piñera (1912-1979) skreiv historiene sine på ein tilsynelatande nøytral, liketil og beintfram måte, utan store geberdar og digresjonar - han fortalde dei verste ting som ingenting.
Virgilio Piñera var sterkt antitotalitær, og brukte fantasi, ironi og humor når han angreip dumskapen, det sjølvgode og dei mange undertrykkande mekanismane og holdningane - ikkje minst slik dei kom fram i dagleglivet til folk på Cuba.
Som forfattar, samfunnsborgar og privatperson var
Virgilio Piñera ein som snudde opp ned på det meste, sette kropp over sjel og ånd, avskydde ideologiar og var kritisk til kritikarane.
I lyrikken var han særleg inspirert av Baudelaire og
Valéry, og i prosaen finn vi slektskap med Kafka. Kritikarane gav han fort merkelappen eksistensialist og surrealist - men sjølv understreka han at han i så fall var det «på cubansk».
Boka er omsett frå spansk av Tove Bakke, som også har gjendikta lyrikken til Piñera; i To cubanske (2001).
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 4.9.2026 kl. 14:04 ・ FINN-kode: 475537508

