Bildegalleri
Stor heksakopter og Thunder Tiger RC-helikopter samla
Til salgs
1 344 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
To store radiostyrte hobbyprosjekt seljast samla.
Pakken inneheld ein spesialbygd heksakopter/drone og eit Thunder Tiger Raptor 50 Titan nitrohelikopter.
DRONE/HEKSAKOPTER:
Stor heksakopter med seks motorar, karbonramme og landingsunderstell. Dronen er cirka 10 år gammal, har vore i lufta og er testa. Han fungerer som han skal.
Utstyr inkluderer mellom anna:
• DJI Naza-M V2 flykontroll
• DJI GPS/kompass
• Spektrum AR8000-mottakar
• Spektrum TM1000-telemetri
• Seks motorar og store propellar
Kamera og gimbal følgjer ikkje med. Dronen vert seld utan fjernkontroll, men Spektrum DX9 kan følgja med for 1 500 kr ekstra.
RC-HELIKOPTER:
Thunder Tiger Raptor 50 Titan radiostyrt nitrohelikopter med Thunder Tiger PRO-motor.
Helikopteret er cirka 15 år gammalt og fungerte som det skulle då det vart sett bort. Det er ikkje testa i seinare tid og vert derfor selt som utesta.
Utstyr inkluderer mellom anna:
• Thunder Tiger PRO nitromotor
• Futaba GY401-gyro
• Futaba-servoar
• 600 mm karbonfiberblader
Begge har bruksmerke og spor etter lagring. Sjå bileta for tilstand og kva som følgjer med.
Pris for drone og helikopter samla: 1 000 kr
Pris inkludert Spektrum DX9-fjernkontroll: 2 500 kr
Sendast for kjøpers regning, må sendes i to pakker, då kjem frakta på 483kr.
Seljast samla og bør hentast på grunn av storleiken.
Dette er avansert hobbyutstyr som passar best for nokon med erfaring frå radiostyrte modellar.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 7.9.2026 kl. 21:37 ・ FINN-kode: 475390168


