Aktivitetsansvarlig
- Søknadsfrist 2026-10-05
- Sektor Privat
Aktivitetsansvarlig
Hotel Union Øye er eit av Skandinavias mest særprega historiske hotell. Sidan opninga i 1891 har hotellet ønska fjellklatrarar, eventyrarar, kongelege, kunstnarar og reisande frå heile verda velkomne til Øye og Sunnmørsalpane. Som stolt medlem av Relais & Châteaux og ein del av 62°NORD ønskjer vi å skape opplevingar som gjestane tek med seg lenge etter at dei har reist heim – gjennom personleg vertskap, høg kvalitet og dei små detaljane som gjer ein forskjell.
No søker vi ein Activity Manager som vil ta ansvar for aktivitetsområdet vårt og hjelpe gjestane våre med å oppdage det beste Øye og Sunnmøre har å by på.
Om rolla
Dette er ei unik stilling for deg som ønsker å kombinere aktivitetsturisme, leiarskap, hotell og gjesteservice.
Som Activity Manager har du hovudansvaret for aktivitetskontoret ved Hotel Union Øye og er bindeleddet mellom hotellet, gjestane våre og våre aktivitetsleverandørar.
Ein arbeidsdag kan starte med å hjelpe ein gjest med å finne den rette fjellturen, halde fram med utleige av elsyklar eller kajakkar, og ende med koordinering av morgondagens opplevingar med guidar, båtførarar, sjåførar eller andre lokale samarbeidspartnarar.
Du har tett kontakt med gjestane, set saman og koordinerer aktivitetsprogram og sørger for at opplevingane blir gjennomførte på ein trygg, profesjonell og personleg måte.
Aktivitetskontoret har også ein mindre butikk med klede frå Devold og eit utval klede og utstyr til friluftsliv.
Du får stor moglegheit til å påverke og utvikle aktivitetsområdet ut frå eigen kompetanse, interesser og erfaring. God lokalkunnskap og forståing for naturen, fjella og opplevingane rundt Øye er derfor svært viktig.
Som Activity Manager er du også ein del av leiargruppa ved Hotel Union Øye og deltek i hotellet si Duty Manager-ordning.
Dine viktigaste ansvarsområder
- Ha det overordna ansvaret for aktivitetskontoret og den daglege drifta av aktivitetsområdet
- Gi gjestane personlege råd og anbefalingar om turar, aktivitetar og opplevingar
- Planlegge, reservere og koordinere aktivitetsprogram for individuelle gjestar og grupper
- Ha tett dialog og samarbeid med guidar, aktivitetsleverandørar og andre lokale samarbeidspartnarar
- Utvikle, beskrive, kalkulere og prise aktivitetsprodukt
- Ha ansvar for utleige og oppfølging av kajakkar, elsyklar, køyretøy og anna aktivitetsutstyr
- Sikre at utstyr og aktivitetsområde er organiserte, trygge og klare til bruk
- Sal og gjesteservice i Activity Shop
- Bidra ved teambuilding, grupper og større arrangement
- Delta i hotellet si Duty Manager-ordning
- Vere ein aktiv del av vertskapet og bidra i den daglege drifta på hotellet der det er behov
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som trivst like godt med menneske som ute i naturen.
Du tek initiativ, ser kva som må gjerast og møter gjestane med eit genuint ønske om å skape ei god oppleving. Du er trygg i kommunikasjonen med ulike typar menneske og evnar å forstå kva den enkelte gjesten ser etter – og finne opplevinga som passar.
Du må trivast med ein variert arbeidskvardag. I høgsesongen kan tempoet vere høgt og planane endre seg raskt, medan dei rolegare periodane gir rom for planlegging, produktutvikling og førebuing til neste sesong.
Vi ser etter ein person som forstår både kommersiell aktivitetsturisme og hotell- og servicenæringa, og som ønsker å vere med på å vidareutvikle aktivitetstilbodet vårt.
Kvalifikasjonar
Vi ser gjerne at du:
- Har bachelorutdanning innan naturguiding, friluftsliv eller tilsvarande utdanning og/eller relevant erfaring
- Har relevant erfaring, kurs eller sertifiseringar innan friluftsliv og førstehjelp
- Har god kunnskap om og interesse for fjellturar, sykling og andre naturbaserte aktivitetar
- Gjerne er godt kjend på Sunnmøre og i området rundt Hotel Union Øye
- Har forståing for kommersiell guiding og aktivitetsturisme
- Har førarkort klasse B
- Kommuniserer godt på engelsk
- Gjerne snakkar norsk eller eit anna skandinavisk språk
- Er sjølvstendig, strukturert, løysingsorientert og trygg på å ta ansvar
Om stillinga
Dette er eit vikariat i 100 % stilling fram til sommaren 2027, med vidare behov for rolla gjennom høgsesongen 2027 og fram til september.
Vi ønsker oppstart så snart som mogleg og seinast 1. desember 2026, med endeleg oppstartsdato etter avtale.
Stillinga gir deg moglegheita til å bli ein del av Hotel Union Øye gjennom både vinter- og sommarsesongen – og oppleve korleis naturen, aktivitetane og gjesteopplevingane på Øye endrar seg gjennom året.
Kva kan vi tilby?
Ein arbeidsplass litt utanom det vanlege, midt mellom fjord og fjell i Sunnmørsalpane.
Hos oss får du kombinere natur, aktivitetar, leiarskap og hotell i ei rolle med stor variasjon og mykje ansvar. Du blir ein del av eit engasjert team som jobbar tett saman for å skape opplevingar gjestane våre skal hugse lenge.
Du får samtidig moglegheit til å påverke og vidareutvikle aktivitetstilbodet ved Hotel Union Øye og sette ditt eige preg på ei viktig del av gjesteopplevinga.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
For meir informasjon om stillinga, kontakt Head of Adventures Helge Karbø på +47 417 58 796 eller Hotelldirektør Mariann Øye på +47 977 43 455.
Ferdigheter AI-generert
- Elektriske sykler
- Førstehjelp
- Kundeservice (hotell)
- Nordisk spåk
- Opplevelses-, arrangements- og aktivitetsarrangørvirksomhet
- Prissetting
- Utleie og leasing av sjøtransportmateriell
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sted: Norangdal, 6196 Norangsfjorden
- Bransje: Hotell og overnatting, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Kundeservice, Resepsjon
Videospiller
Nøkkelord
Vertskap, Hotell, Service, Friluftsliv
Firmaets beliggenhet
Norangdal, 6196 Norangsfjorden
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 474616231
- Sist endret:
- Org.nr.: 994003992Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


