FINNJobbSøkOsloSentrum
Bilde fra arbeidsgiver
Statens helsetilsyn logo
Statens helsetilsyn
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

2026/03 - Seniorrådgivar (fast stilling) - økonom/kontroller

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Oslo
  • Søknadsfrist 08.09.2026
  • Arbeidsspråk Norsk, Norsk
  • Sektor Offentlig
  • Årslønn 750 000 - 900 000 kr

Kortversjonen

Controlleroppgaver og andre økonomioppgaver, inkludert budsjettering, rapportering og økonomioppfølging.

Kvalifikasjoner

  • Relevant økonomifaglig utdanning på masternivå eller bachelor med 5 års erfaring
  • Relevant erfaring med controller- og økonomioppgaver
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God digital kompetanse, inkludert erfaring med analyseverktøy

Hva vi tilbyr

  • Lønn som seniorrådgivar: kr 750 000 - 900 000
  • Fleksibel arbeidstid
  • Mulighet til å trene en time i uken i arbeidstiden
  • Arbeid med et viktig samfunnsoppdrag
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Vi søker erfaren økonom/controller

Er du ein allsidig person med erfaring frå økonomi- og prosjektarbeid? Likar du å ligge i forkant av prosessar og sjå moglegheiter der andre ser avgrensingar? Da vil vi høyre frå deg!

Vi er på jakt etter ein strukturert økonom/controller som trivast i ein organisasjon i utvikling. Hos oss vil du arbeide med både controlleroppgåver og andre økonomioppgåver, samt bidra til å utvikle og sikre god styringsinformasjon. Du vil vere ein viktig sparringspartnar og rådgivar for leiarar og kollegaer, og du vil jobbe tett saman med andre tilsette i arbeidet med budsjett, kontraktar, rapportering og økonomioppfølging.

Vi ser etter deg som er analytisk og kvalitetsbevisst. Du liker å bidra, trivast med varierte oppgåver og bruker digitale verktøy for å skape gode og effektive arbeidsprosessar.

Derfor vil du trivast hos oss

  • Du får bidra til utvikling og forbetring i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag.
  • Du får ei sentral rolle i økonomistyring, oppfølging og utvikling av god styringsinformasjon i Helsetilsynet.
  • Du får varierte oppgåver innan blant anna budsjett, rapportering, kontraktar og økonomioppfølging.
  • Du vil arbeide i eit lite og kompetent økonomiteam som samarbeider tett med alle avdelingar.

Statens helsetilsyn bruker økonomitenester frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ).

Stillingen er plassert i avdeling for verksemdstyring som har ei viktig rolle i utviklingsarbeidet i Helsetilsynet. Avdelinga har mellom anna ansvar for verksemdstyring, økonomi, HR/personalforvalting, digitalisering og avtaleforvalting for tenester frå Norsk helsenett.


Dette skal du gjere

  • Controlleroppgåver og andre økonomioppgåver
  • Følge opp prosjekter for å sikre fagleg støtte til leiinga og robust prosjektgjennomføring
  • Budsjettering, oppfølging av rekneskap og prognosar, økonomisk analyse og rapportering av resultat
  • Bidra til utvikling og forbetring av system, verktøy og metodar
  • Bidra til å utvikle og sikre god styringsinformasjon for leiing og verksemdstyring
  • Elles vil du ha allsidige oppgåver innanfor det administrative ansvarsområdet til avdelinga

Kompetansen vi ser etter

Du må ha:

  • relevant økonomifagleg utdanning på masternivå. Utdanning på bachelornivå, med solid og relevant erfaring på minimum 5 år kan kompensere for utdanningskravet
  • relevant erfaring med controllar- og økonomioppgåver
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • god digital kompetanse, inkludert erfaring med analyseverktøy

Det er ein fordel om du også har:

  • erfaring frå offentleg forvalting
  • kunnskap om statleg økonomiforvalting, statleg regelverk og økonomisystem
  • erfaring med å formidle styringsdata på ein klar og relevant måte
  • erfaring med utarbeiding av gevinstplanar samt oppfølging og realisering av gevinstar i prosjekt og endringsinitiativ

Personlege eigenskapar vi legg vekt på

  • Ha evne til å arbeide strukturert, analytisk og sjølvgåande
  • Ha god gjennomføringsevne og være initiativrik
  • Ha gode samarbeidsevner og trivast med å dele kunnskap, erfaringar og informasjon
  • Ha godt norsk språk, munnleg og skriftleg

Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna.

    Dette får du hos oss

    I Helsetilsynet får du arbeide med eit viktig samfunnsoppdrag i ein fagleg sterk organisasjon. Arbeidet vårt skal bidra til at innbyggarane får enda bedre tenester innen helse, omsorg, barnevern og sosial. Les den nye strategien vår: Helsetilsynets og statsforvalternes felles strategi for tilsyn med barnevern, sosial- og helsetjenestene 2025-2035

    Konkret betyr det at du får:

    • lønn som seniorrådgivar innanfor lønnsspennet: kr 750 000 - 900 000. Ved særleg kvalifiserte søkarar kan høgere lønn bli vurdert. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse, noko som gir deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar i Statens pensjonskasse
    • fleksibel arbeidstid og moglegheit til å trene ein time i veka i arbeidstida
    • moglegheit til å arbeide heimanfrå inntil to dagar i veka hvis oppgåvene du skal løyse er eigna for det
    • 130 nye medarbeidarar med arbeidsstad sentralt i Oslo med sykkelgarasje og eige trimrom. Hausten 2027 flyttar vi til nye, moderne lokaler i Fredrik Selmers vei 2 på Helsfyr

    Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

    Vitnemål og attestar skal legges ved søknaden. Tilgang til Vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Som del av tilsettinga kan det bli gjort nødvendige bakgrunnssjekkar i samarbeid med ekstern leverandør. Aktuelle kandidatar vil i så fall få beskjed.

    Søkarlista er offentlege. Ber du om å bli unnateke og vi ikkje kan innvilge det, gir vi deg beskjed (offentlegloven § 25).

    For å sikre ei meir effektiv og rettferdig vurdering av søknader, brukar vi kunstig intelligens (KI) som støtte i vår rekrutteringsprosess. Dette innebere at søknadsdokumenta dine kan bli analysert av ei KI-basert løysning levert av vår systemleverandør, Talentech. KI blir berre brukt som eit støtteverktøy – alle endelege vurderingar og avgjerder blir tatt av menneske.

    Ferdigheter
    AI-generert

    • Budsjettarbeid
    • Controlling
    • Dataanalyseverktøy
    • Finansiell kontroll
    • Kontraktshåndtering
    • Økonomistyring

    Om arbeidsgiveren

    Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for det faglege tilsynet med sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenesta. Statens helsetilsyn skal utvikle tilsynsverksemd og drive kompetanseoppbygging. Vidare skal vi medverke til at erfaringar frå tilsyn blir gjort tilgjengeleg for politiske oppdragsgivarar, for dei som har ansvar for tenestene og personellet der, for brukarane av tenestene, og for befolkninga.
    • Sted: Møllergata 24, 0179 Oslo
    • Bransje: Offentlig administrasjon
    • Stillingsfunksjon: Controller

    Nøkkelord

    prosjektstyring, økonom, controller

    Spørsmål om stillingen

    MD

    Max Demuth

    Underdirektør

    Firmaets beliggenhet

    Møllergata 24, 0179 Oslo

    Kart
    Søknadsfrist: 13 dager igjen

    772 følger dette firmaet

    Statens helsetilsyn logo

    Statens helsetilsyn

    • Flere stillinger
    • Les om arbeidsplassen

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode: 474561907
    • Sist endret: 25.8.2026, 13:41
    • Org.nr.: 974761394Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
    Rapporter annonse