Bildegalleri
Vakre villsauskinn frå Sunnmøre
Til salgs
Beskrivelse av varen
Tilstand: Helt ny - Uåpnet/med lapp
Lengde: 115 cm
Bredde: 75 cm
Kva er eit villsauskinn og kva er attraktiviteten ved det?
«Villsau» er populærnamnet for den norske sauetypen som er direkte etterkomar av sau som nomadiske dyrehaldarar frå Asia hadde med seg under folkevandringane til Europa og Norge for 4-5000 år sidan. Fram til mellomalderen dominerte etterkomarar av denne sauetypen heile Nord- og Vest-Europa. Det var små og lette dyr, langbeinte, korthala og raske, gjekk ute heile året og var godt tilpassa klima også på ver-utsette atlantiske øyar.
Ved sida av Soay Sheep er den norske villsauen den einaste sauerasen som framleis har fire lett identifiserbare hårtypar i fellen, to glatthårtypar og to ullhårtypar:
Glatthår:
1. Manke/ ragg. Dette er lange, glatte dyrehår som når ut over ullfellen på delar av dyret og fungerer som ei «vindjakke» til vern mot vind og nedbør, særleg godt utvikla frå nakke til skuldrar og rundt brystet.
2. Strukturhår som står relativt tett over heile kroppen, men sjeldan når ut over ullfellen og fungerer ved å halde ullfellen i struktur for best mogleg isolasjon.
Ullhår:
1. Botnull er svært finfibra ull, på det finaste nær kasjmir-ull i hårdiameter, dannar inste, viktigaste varmeisolerande lag i ullfellen.
2. Dekkull er meir grovfibra ullhår som når godt over botnulla og dannar lokkar der lengste håra er samla i jamt fordelte tuppar i ytre lag av ullfellen og har evna til å fange opp nedbør og drenere den ut av fellen via tuppane i dekkull-laget.
Den typiske villsaufellen gir effektiv varmeisolasjon og vern mot nedbør i form av regn eller snø. Ein god fell utviklar rikeleg med lanolin som sikrar vedlikehald av ullkvalitet. Dagens gammalnorske sau har eit breidt fargespekter i gradientar frå mørke til lyse, og i variasjon mellom grålege, brunlege eller bleika variantar, i tillegg til varierande innslag av kvitt i fellen. Kvart enkelt skinn er unikt.
2. Prisen på skinna er vurdert ut frå eit dynamisk samspel mellom ei rekkje faktorar:
a) Struktur som omfattar symmetri i skinnform, variasjon og samspel mellom hårsetting, som manke/ragg i høve til ullfell.
b) Farge og fargespel i høve til estetikk og kontra fargespenningar og kor vidt dette er uvanlege og sjeldne utgåver.
c) Storleik og massivitet i høve til hårsetting. Skinn av verar i sin beste alder ligg gjerne høgt i verdisetjing.
d) Eksklusivitet som plusspoeng i høve til samspel med andre vurderingskriterier.
Sjå kvart enkelt bilde for pris.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 24.8.2026 kl. 14:12 ・ FINN-kode: 474453472

