Bildegalleri
Evolution Acoustics Pro V.1 – high-end studiomonitorer / demo-par
Til salgs
125 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Som ny - Ikke synlig brukt
Kongsen Media AS er offisiell distributør av Evolution Acoustics i Noreg. Vi sel no eit par Evolution Pro V.1 som er i ny stand og berre har vore brukt til demonstrasjonar.
Dette er eit unikt monitorsystem utvikla i samarbeid med den anerkjende masteringingeniøren Brian Lucey frå Magic Garden Mastering, kjent for arbeid med artistar og prosjekt som Michael Bublé, Shania Twain og The Greatest Showman.
Vi har nettopp gjennomført ein svært vellukka demo hos Atmosphere Studio i Bergen, der fleire profilerte musikarar, produsentar og lydfolk fekk høve til å høyre systemet med både kjent musikk og eigne miksar.
Tilbakemeldingane var svært sterke. Fleire av dei som lytta meinte at Evolution Pro V.1 var den beste nearfield-monitoren dei hadde høyrt. Det vart også trekt fram at systemet utan problem kan konkurrere med monitorløysingar i prisklassen 200–300 000 NOK.
Evolution Pro V.1 er laga for produsentar, miksarar og mastering engineers som ønskjer ekstrem detaljering, naturleg tonal balanse, imponerande low-end extension og – viktigast av alt – svært god translation utan at ein må sitje og «jobbe rundt» monitorane.
Etter den gode responsen i Bergen ønskjer vi gjerne å arrangere tilsvarande opne demoar andre stader i Noreg.
Vi ser spesielt på: Oslo, Stavanger og Trondheim.
Privat demo i Bergen er mogleg for seriøst interesserte.
Dersom det er nok interesse i eit område, og vi finn eit godt studio som ønskjer å stille lokalet sitt til disposisjon for eit ope demo-arrangement – slik Atmosphere Studio gjorde i Bergen – kjem vi gjerne med systemet.
Er du produsent, mixing/mastering engineer, studioeigar eller berre seriøst interessert i high-end monitoring, ta gjerne kontakt. Det er også mogleg å ta med eigne miksar til ein demo.
Offisiell pris i Noreg:
135 000 NOK inkl. MVA
Pris på vårt demo-eksemplar:
125 000 NOK inkl. MVA
Evolution Acoustics Pro V.1 kan demonstrerast etter avtale.
Info:
https://kongsen.media/evolution/
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 22.8.2026 kl. 21:09 ・ FINN-kode: 474259751

