FINNJobbSøkVestlandOsterøy
Bilde fra arbeidsgiver
Osterøy kommune logo
Osterøy kommune
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Driftsoperatør vatn og avlaup

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Lonevåg
  • Søknadsfrist 07.09.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Drifte og styre prosesser og utstyr ved reinseanlegg og vassverk. Overvåking, prøvetaking, rapportering, vedlikehold og reparasjoner. Delta i vaktordning.

Kvalifikasjoner

  • Fagbrev som rørlegger
  • Førerkort kl. B
  • Gode datakunnskaper
  • Gode norskkunnskaper
  • Erfaring fra drift av kommunale VA anlegg er å foretrekke

Hva vi tilbyr

  • Lønn etter tariff
  • Godtgjørelse for vaktordning
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
  • Mulighet for kurs og faglig oppdatering
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

100 % fast stilling

Om stillinga

Osterøy kommune søkjer etter driftsoperatør til fast stilling på VA- avdelinga. 
Vår avdeling for vatn og avlaup består i dag av 5 personar, 1 fagleiar og 4 driftoperatørar.
Oppgåvene våre er blant dei viktigaste tenestane ein kommune i dag leverer til sine innbyggjarar, nemleg trygt drikkevatn. Til dette har me 4 vassbehandlingsanlegg som skal driftast og vedlikehaldast, samt 3
avlaupsreinseanlegg og fleire kilometer med vassleidning og avlaupsleidning.
Som ny medarbeidar vil du få naudsynt opplæring i prosessar og tilhøyrande tekniske installasjonar for å
kunne delta i den daglege drifta og i obligatorisk vakt og bakvakt ordning.

Arbeidsoppgåver

  • Drifte og styre prosesser samt utstyr ved reinseanlegg og vassverk
  • Overvaking av drift, akkreditert prøvetaking, rapportering, lekkasjesøk mm.
  • Vedlikehald og reparasjonar av teknisk utstyr.
  • Drift, ettersyn og vedlikehald av pumpestasjonar, leidningsnett, vassverk og reinseanlegg mm.
  • Utføre rapportering og internkontroll i FDV
  • Delta i vaktordning for vatn og avlaup
  • Andre oppgåver innanfor avdelinga kan tilkomma

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff
  • Godtgjersle for vaktordning
  • Gode pensjons og forsikringsordningar
  • Nye og flotte lokalar, med kontor, lunchrom, lager, garderobar og treningsrom
  • Positivt arbeidsmiljø med gode kollegaer, med lang erfaring
  • Moglegheit for kurs og faglig oppdatering.

Kvalifikasjonskrav

  • Krav om fagbrev som rørleggar
  • Erfaring fra drift av kommunale VA anlegg er å føretrekkja
  • Ønskjeleg med driftsoperatørkurs VA
  • Førarkort kl. B er eit krav
  • Gode datakunnskapar 
  • Gode norsk kunnskapar

Kven er du?

  • Lærevillig, og evner å tenke nytt og framtidsretta
  • Du er positiv, kan jobba sjølvstendig og i team
  • Du er løysingsorientert, og håndterer komplekse problemstillingar

Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide (http://www.klp.no/pensjonsguiden?kommune=Oster%C3%B8y%20kommune&nynorsk=1&oftp=1&produkter=123) for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 

Ferdigheter
AI-generert

  • Betjene pumpeutstyr
  • Drift av avløpsrenseanlegg
  • Drift og overvåking av vannrenseanlegg
  • Drift og vedlikehold av den kommunale vannforsyningen
  • Lekkasjesøking
  • Reperasjon og vedlikehold av utstyr

Om arbeidsgiveren

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

  • Sted: Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
  • Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, VVS
  • Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Rørlegger, VAR-teknikk

Spørsmål om stillingen

KT

Kenneth Taule Murberg

Leiar tekninsk drift

Firmaets beliggenhet

Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg

Kart
Søknadsfrist: 12 dager igjen

199 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Osterøy kommune logo

Osterøy kommune

  • Flere stillinger
  • Les om arbeidsplassen
  • Sjå våre ledige stillingar
  • Følg oss på LinkedIn
Gå til heimesida

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 473891864
  • Sist endret: 19.8.2026, 15:14
  • Org.nr.: 864338712Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse