Lønnskonsulent
- Søknadsfrist 6.9.2026
- Mulighet for hjemmekontor På kontoret
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
Lønnskonsulent - 100% fast stilling
Vil du ha ein nøkkelrolle i å sikre at tilsette får rett lønn til rett tid?
Gol kommune søkjer ein dyktig og ansvarsbevisst medarbeidar til lønns- og personalavdelinga. Vi ser etter deg som har god forståing for lønnsfaget, trivst med nøyaktig arbeid og ønskjer å bidra til at lønnsprosessane våre held høg kvalitet og fungerer smidig i kvardagen.
Som lønnsmedarbeidar hos oss får du ansvar for sentrale oppgåver innan lønnsområdet, frå registrering og kontroll til oppfølging og rettleiing av leiarar og tilsette. Du vil spele ei viktig rolle i å sikre korrekt lønnsutbetaling, etterleving av lov- og avtaleverk og god støtte til organisasjonen i spørsmål knytt til lønn og personalforvaltning. Du blir ein del av eit engasjert og kompetent fagmiljø på Gol. Vi samarbeider blant annet med de andre kommunane i Hallingdal om lønn og personalfaget.
Samstundes som drift og kvalitet står i sentrum, er vi opptekne av kontinuerleg forbetring. Du vil derfor få moglegheit til å bidra i utvikling av rutinar, digitale løysingar og arbeidsprosessar som gjer tenestene våre endå betre for både leiarar og tilsette.
På avdelinga er vi to lønnskonsulentar, ein personalkonsulent og ein fagleiar som arbeider tett saman for å levere gode tenester til organisasjonen. Vi har eit svært godt arbeidsmiljø prega av høg fagkompetanse, rausheit og godt samarbeid, og vi ser fram til å ønskje ein ny kollega velkomen inn i teamet vårt!
Arbeidsoppgåver
Du vil mellom anna få ansvar for å:
lønnskøyring og kvalitetssikring av lønnsgrunnlag
registrering og oppfølging av lønn, fråvær, refusjonar og ferie
sikre korrekt behandling i tråd med lovverk, tariffavtalar og kommunale reglar
avstemme, sende A-melding og køyre årsoppgjer
rettleiing og støtte til leiarar og tilsette i lønns- og personalspørsmål
arbeid i Visma HRM og oppfølging av digitale lønnsprosessar
bidra til utvikling og forbetring av rutinar og arbeidsprosessar innan lønn
Kvalifikasjonar
bachelorgrad innan lønn, økonomi, rekneskap eller liknande
utstrekt relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Vi ser etter deg som:
har erfaring frå lønnsarbeid, gjerne innan kommunal sektor
har kunnskap om lov- og avtaleverk knytt til lønn, arbeidstid og fråvær
arbeider nøyaktig, strukturert og sjølvstendig
har god tal forståing og auge for kvalitet og detaljar
trivst med å rettleie og yte god service
er komfortabel med digitale verktøy, gjerne Visma HRM
bidreg positivt til samarbeid, kunnskapsdeling og eit godt arbeidsmiljø
Erfaring frå lønnsarbeid, Visma system og brukarstøtte vil vere ein fordel, men viktigast er at du har interesse for fagområdet og ønskje om å utvikle deg vidare. Personleg eigenheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver med stor betydning for organisasjonen
moglegheit til å påverke utviklinga av framtidas lønns- og HR-tenester
fleksibel arbeidstid og god balanse mellom jobb og fritid
støtte og fagleg rettleiing frå dyktige kollegaer
eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø med høg grad av samarbeid
gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
gratis trening
lønn etter gjeldande tariffavtale
Slik søkjer du
Vi ønskjer at du nyttar vårt elektroniske søknadsskjema. Dersom du blir innkalla til intervju, ber vi om at du tek med godkjende kopiar av vitnemål og attestar.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Ferdigheter
- Administrere lønn
- Kjennskap til lover og regler innenfor lønnsfaget
- Kjennskap til lovverk og regelverk
- Kjennskap til offentlig virksomhet og lov - og avtaleverk
- Kjøre lønn
- Lønnsadministrasjon
- Lønnskontroll
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sted: 3550 Gol
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Kontor og administrasjon, Lønn
Nøkkelord
lønn, lønnskjøring, kvalitetssikring, registrering, tariffavtale
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 473874794
- Sist endret:
- Org.nr.: 964952612Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)



