Aktivitetskoordinator
Nasjonalforeningen for Folkehelsen
- Søknadsfrist 30.8.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Bli aktivitetskoordinator for folkehelsearbeid
Vil du vere med og gjere ein forskjell for betre folkehelse i Hordaland og Sogn og Fjordane?
Vi ser etter deg som er glad i frivilligheita, og som ønskjer å leggje til rette for og støtte helselaga og demensforeiningane våre. Stillinga er eit vikariat i 70 prosent stilling frem til 01.09.2027. Aktivitetskoordinatoren rapporterer til dagleg leiar ved fylkeskontoret og har kontorstad på Kronstad i samlokalisering med Idrettens Hus. Du vil bli ein del av eit team på tre personar som saman skal bidra til auka frivilligheit og folkehelse i regionen vår.
Hovudarbeidsoppgåver:
Administrere tilskotsordningar for laga våre
Følgje opp utdelingar av Folkehelseprisen og Demensprisen
Bidra i arbeidet med nasjonale kampanjar som Hopp for Hjerte og Demensaksjonen
Bidra aktivt i arbeidet med Demensvennleg samfunn
Svare på førespurnader og bidra til administrativ drift av kontoret
Andre oppgåver etter avtale
Du bør ha følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar
Vi søkjer etter ein person med erfaring frå og kjennskap til frivilligheita og/eller organisasjonsarbeid. Du har høgare utdanning på bachelornivå, men relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet. Du er sjølvstendig, systematisk, glad i menneske og kommuniserer godt både munnleg og skriftleg. Gode IT-kunnskapar (Office 365 med tilhøyrande program) er ein føresetnad.
Nynorsk er arbeidsspråket.
Det vil bli gitt opplæring i arbeidsverktøya til organisasjonen.
Vi tilbyr:
Hos oss i Nasjonalforeningen for folkehelsen vil du få:
Ein meiningsfull jobb i ein anerkjend organisasjon
Engasjerte kollegaer med ulike fagbakgrunnar og høg kompetanse som skaper gode diskusjonar og ein god porsjon humor i kvardagen
Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
Fleksitid, sommartid og ei ekstra ferieveke
Lønn etter avtale og gunstige låne- og pensjonsordningar gjennom Statens pensjonskasse
For meir informasjon, kontakt dagleg leiar Kristine Drake på tlf. 404 45 820 eller organisasjonssjef Brit Olssøn på tlf. 911 92 811.
I Nasjonalforeningen for folkehelsen blir du ein del av eit fagleg sterkt miljø med mykje samarbeid og god trivsel.
Vi er opptekne av å spegle befolkninga i Noreg og ønskjer derfor mangfald i organisasjonen, både når det gjeld alder, kjønn, funksjonsnivå og etnisitet.
Send søknad via finn.no sin portal innan søknadsfristen 30.08.2026.
Ferdigheter
- Nynorsk
- Office 365 productivity tools
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Nasjonalforeningen for folkehelsen er ein frivillig, humanitær organisasjon med helselag og demensforeiningar over heile landet. Målet vårt er å få bukt med hjarte- og karsjukdommar og demens. Dette gjer vi med forsking, informasjon, førebyggjande tiltak og helsepolitisk arbeid. Vi er interesseorganisasjon for personar med demens og deira pårørande.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Fjøsangerveien 68B, 5068 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Helse og omsorg, Ideelle organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
aktivitetskoordinator, folkehelse, frivillighet, organisasjonsarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 473281307
- Sist endret:
- Org.nr.: 938429863Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


