Bildegalleri
To flotte gamle potteskjulere med blomsterdekor og gullkant
Til salgs
275 kr
Vi sender da en melding fra deg til selger om at du vil bruke Fiks ferdig for å kjøpe denne varen.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
To like blomsterpotter med rifla form og flott blomsterdekor og gullfarga kant frå Figgjo (prod 1946- 49). Pottene er 12,5 cm høge og diameter oppe er18 cm, diameter på undersida er 9 cm. Små krakeleringar på botnen inni pottene og eine potta har ein liten skade under, men det viser ikkje når den står (sjå siste bildet). Pottene er i fin stand med tanke på alder. Kr 275,- for den med skade, kr 300,- for den andre
Tala under pottene er modell og størrelsesmerking som viser at pottene er frå tidligaste prod.perioden til Figgjo ( Då kjent som Figgjo Kraftfôr og Potterifabrik mellom 1946 og -49). Før Figgjo starta med sine kjende maskinstempla fajanse og flintserviser rundt 1949 vart alle nummer og fabrikkmerke malt på for hand med pensel under botnen. Den karakteristiske måten brøken og tala er pensla på er eit klassisk identitetsmerke for tidlig Figgjo- keramikk.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 13.8.2026 kl. 10:26 ・ FINN-kode: 473134469



