FINNJobbSøkRogalandHå
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Hå kommune Nærbø ungdomsskule

  • Søknadsfrist 24.8.2026
  • Ansettelsesform Fast

Badevakt

Nærbø ungdomsskule ligg i Hå kommune. Ved skulen er det omlag 330 elevar og 45 tilsette. Skulen har symjebasseng som på dagtid vert nytta av alle skulane på Nærbø og Varhaug ungdomsskule. På ettermiddagstid vert bassenget nytta til offentleg bading av bygda, i tillegg har symjeklubben faste tider på kveldstid. Skulen ligg nær togstasjonen, og har eigen parkeringsplass.

Det er ledig ei fast stilling i 12,69 % som badevakt på ettermiddagstid frå 14.9.2026, eller før om det er ønskjeleg. Det er mogleg å dele stillinga opp i to.

Arbeidstida
Måndag kl 17.30 - 19.30 (familiebading)
Tysdag kl 17.00 - 20.30 (jenter 10-16 år kl 17.00 -18.00 og damer over 16 år kl 18.00 - 20.30).

Den offentlege badinga følger skuleruta med tanke på opningstider, fridagar og feriar.

Arbeidsoppgåver
- Du har tilsyn med dei som badar og sørgjer for at det ikkje oppstår farlege situasjonar
- Du vedlikeheld sikkerheit- og redningsutstyr og sikrar at dette er klar til bruk
- Du tek imot betaling
- Du sørgjer for at reglar blir haldne i garderobar og i symjehallen
- Du handterer ulykker og andre uønska situasjonar

Kvalifikasjonar
- Du er i god fysisk form og har gode symjeferdigheiter
- Du kan stupa og dykka
- Du har teke eller må ta livrednings- og førstehjelpskurs dette året. Det er skulen behjelpeleg med å leggje til rette for å få gjennomført
- Du må kunna halda roen om kritiske situasjonar oppstår

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har over 20 000 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finner ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Tilgjengelighetserklæring
  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Torlandsvegen 2, 4365 Nærbø
  • Stillingsfunksjon: Vakt og sikkerhet

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Firmaets beliggenhet

Torlandsvegen 2, 4365 Nærbø

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 472929207
  • Sist endret: 12.8.2026, 09:47
  • Org.nr.: 975275841Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse