
Bildegalleri
Zenith Chronomaster Original 38mm
Til salgs
85 000 kr
Vi sender da en melding fra deg til selger om at du vil bruke Fiks ferdig for å kjøpe denne varen.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Merke: Zenith
Kjønn: Herre
Selger Zenith Chronomaster Original 38 mm frå 2022. Dette er den klassiske modellen med den ikoniske tricolor-skiva og El Primero 3600-verket.
Klokka er kjøpt hos Urmaker Christensen og kjem komplett med boks, papir og alt som følgde med ved kjøp. I tillegg følgjer det med ekstra lærreim.
Klokka står på original stållenke. Det følger også med 2 års garanti, noko som gir ekstra tryggleik for ny eigar.
Chronomaster Original er inspirert av dei første El Primero-modellane frå 1969 og har ein svært anvendeleg storleik på 38 mm. El Primero-verket går med 36 000 halvsvingingar i timen, og kronografen måler 1/10 sekund. Gjennom glasbaklokket får ein godt innsyn til verket og den karakteristiske Zenith-rotoren.
Klokka er brukt og har normale bruksspor, men er i fin stand. Klokka er ikkje polert og blir seld slik den er. Sjå bileta for nærare inntrykk av tilstanden.
Dette er ei klokke eg har vore veldig nøgd med, og ho blir berre seld fordi eg har lyst til å prøve noko anna. Her får ein ein klassisk El Primero i den originale 38 mm-storleiken, komplett pakke, ekstra reim og garanti.
Kan sendast etter avtale, på kjøpar si eiga risiko og for kjøpar si rekning. Ved sending anbefaler eg EON hos Posten. Personleg overlevering er også mogleg.
Ved både sending og personleg overlevering må betaling vere registrert på konto før klokka blir sendt eller overlevert.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 11.8.2026 kl. 10:30 ・ FINN-kode: 472857789



