FINNJobbSøkVestlandAustevoll
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Ledig vikariat i allmennpraksis

Austevoll kommune

  • Søknadsfrist 01.09.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Bli med i Austevoll legesenter! Vi søker vikar i allmennmedisin. Triveleg fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter.

Om arbeidsstaden

Austevoll legesenter er eit kommunalt drive fastlegekontor i Austevoll kommune på Vestlandet. Legekontoret har til saman sju fastlegeheimlar, LIS1-lege, helsesekretærar, sjukepleiarar og primærhelseteam. Kontoret har gode fasilitetar og tidsriktig utstyr, inkludert ultralyd. Det er eit veldrive legekontor der fastlegane får konsentrere seg om det medisinskfaglege arbeidet, medan andre tek seg av administrasjonen. Vi har eit godt ALIS-program der alle utgifter blir dekte, og det blir gitt løn ved fråvær. Austevoll legesenter ligg ein kort ferjetur frå Bergen, og vi legg til rette for pendling ved behov. Stillinga inkluderer arbeid ved Austevoll legevakt.

Om stillinga

Ein av våre dyktige ALIS-legar skal ha permisjon for institusjonsteneste, og vi har difor eit ledig vikariat.

Vikariatet er ledig frå 01. desember 2026 til 10. september 2027. Tidlegare oppstart kan avtalast dersom det er ønskjeleg.

Listestorleiken er på 750 pasientar. Eventuelle offentlege legeoppgåver kan avtalast.

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav

  • Spesialist i allmennmedisin eller ALIS (må ha fullført LIS-1 teneste)
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Fagleg dyktig og kunnskapsrik
  • Gode samarbeidsevner
  • Triveleg og positiv å arbeide saman med

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Vi tilbyr

  • Fastløn i tråd med lokal rammeavtale
  • Gode pensjonsordningar
  • Gunstig ALIS-avtale med dyktige rettleiarar og god tilrettelegging av utdanningsløpet
  • Moglegheit for heimekontor etter avtale
  • Eit spennande fagmiljø der vi arbeider tverrfagleg og teambasert med pasientane våre
  • God kollegial støtte

Slik søker du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

Ferdigheter
AI-generert

  • Legetjeneste
  • Norsk

Om arbeidsgiveren

Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.

Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
 
Kommunen har eit folketal på om lag 5500 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.

Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta kr 25.000,- av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2025, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Vi ønsker ikkje førespurnader frå vikarbyrå, ver vennleg og respekter dette. 

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Allmennmedisin, Lege
Austevoll kommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Inger Cecilia Uglenes
  • Stillingstittel: Leder legetenesta
  • Mobil: 55 08 10 67
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Austevoll Kommune
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Austevoll Kommune

81 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 472780910
  • Sist endret: 10.8.2026, 11:02
  • Org.nr.: 941139787Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse