Førstekonsulent/rådgjevar (eittårig vikariat - jurist)
Kultur- og likestillingsdepartementet
- Søknadsfrist 26.8.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Er du nyutdanna jurist og har lyst til å jobbe med kulturfeltet?
Er du ein dyktig jurist med interesse for forvaltningsrett, politiske prosessar, kunst og kultur? Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ledig eit eittårig vikariat som førstekonsulent/rådgjevar i avdeling for kulturvern i seksjon KV1. Stillinga inngår i eit team med juristar som jobbar innanfor avdelinga sine ansvarsområde. Avdelinga har mellom anna ansvar for fagfelta litteratur, språk, museum, visuell kunst og ulovleg handel med kulturgjenstandar.
Stillinga omfattar eit breitt spekter av juridiske oppgåver med stort rom for fagleg og personleg utvikling. Du vil inngå som del av eit stimulerande og tverrfagleg miljø som består av engasjerte og kompetente juristar, økonomar, samfunnsvitarar og humanistar. KUD er eit relativt lite departement, men sakene våre får ofte mykje offentleg merksemd. Ansvarsområda er viktige for samfunnet, og arbeidskvardagen kan vere hektisk.
Arbeidsoppgåver
juridiske oppgåver med stor breidde innan kulturfeltet
utgreie juridiske problemstillingar
handsame klagesaker og innsynssaker
førebu saker for den politiske leiinga og svare på spørsmål innan fagfeltet
arbeid med med lov- og forskrifter i avdelinga
Kvalifikasjonar
Du må ha:
juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap med gode resultat
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Det vil vere ein fordel om du har kjennskap til og erfaring med juridisk oppgåveløysing innanfor offentleg forvaltning.
Vi ser etter deg som er
nøyaktig og systematisk
analytisk og forstår offentleg sektor
sjølvstendig og samtidig god på samarbeid
interessert i og forstår forholdet mellom politikk og forvaltning
Vi vil leggje vekt på motivasjon og personlege eigenskapar.
Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven.
Vi tilbyr
lønn frå 570 000-630 000 kroner per år som førstekonsulent eller frå 600 000-710 000 kroner per år som rådgjevar (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
fleksibel arbeidstid, med sommar- og vintertid
høve til å trene i arbeidstida, tilgang til treningsrom og treningstilbod
medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikring
introduksjonsprogram for nytilsette og gode høve til kompetanseutvikling gjennom KUD-skolen og Departementsakademiet
eit kunnskapsrikt, inkluderande og uformelt arbeidsmiljø
Vi har flytta inn i det nye Regjeringskvartalet og har flotte, lyse og moderne lokale.
Kvardagen i departementsfellesskapet er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi har eit omfattande og viktig samfunnsoppdrag, og hos oss får du høve til å vere med på å utvikle den statlege politikken og forvaltninga av våre politikkområde.
Kultur- og likestillingsdepartementet er del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten?size=n_20_n).
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Offentleg søkarliste og kontakt
Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Eskil Havgar på telefon +47 47 26 23 38.
Om avdelinga
Kulturvernavdelinga er sett saman av to seksjonar og har ansvar for politikkområda arkiv, bibliotek, museum, visuell kunst, litteratur, språk, kulturbygg, immateriell kulturarv, inn- og utførsel av kulturgjenstandar, samiske saker og krigsgravtenesta.
Avdelinga har ansvar for forvaltninga av Språkrådet, Nasjonalarkivet, Nasjonalbiblioteket, Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek, KORO (Kunst i offentlege rom) og Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje. Lover under avdelinga sitt ansvarsområde er arkivlova, språklova, boklova, lov om pliktavlevering, stadnamnlova, lov om bibliotekvederlag, lov om folkebibliotek, lov om kunstavgift, kulturminnelova §23, lov om gravferd § 23a, samt div. forskrifter.
Ferdigheter AI-generert
- Juss
- Kjennskap til forvaltningslova
- Kjennskap til lovverk og regelverk
- Kjennskap til offentleglova
- Norsk forvaltningsrett
- Offentlighetsloven
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Einar Gerhardsens plass 2, 0179 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Saksbehandler
Nøkkelord
jurist, forvaltningsrett, kulturfeltet, offentlig forvaltning
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 472134060
- Sist endret:
- Org.nr.: 972417866Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
