Bildegalleri
Maine Coon med stamtavle søker trygg og varig heim
Til salgs
6 000 kr
Beskrivelse av varen
Alder: 2 år
Med tungt hjerte har vi kome fram til at det beste for Bentley er å finne eit nytt og varig heim. Dette er ei avgjersle vi ikkje har teke lett på, og det viktigaste for oss er å finne nokon som kan gi han ein heim som passar behova hans betre enn det vi kan tilby.
Bentley er ein 2 år gammal, kastrert Maine Coon-hann med stamtavle. Han er ein nydeleg katt med mykje personlegheit.
Han er sosial og likar å vere nær menneska sine. Som oftast finn du han i samme rom som resten av familien, og han møter oss alltid i døra når vi kjem heim. Han er også veldig glad i mat og kjem springande om han høyrer lyd av ein pose som blir opna. Bentley er glad i kos og nærheit, men på sine eigne premissar.
Grunnen til at vi må finne ein ny heim til Bentley, er at han periodevis kan vise ei uforutsigbar åtferd med biting. Dette er ikkje leik, og sjølv om det ikkje skjer ofte, er det noko vi har måttet tatt på alvor. Vi har ein treåring heime, og sjølv om Bentley ikkje har gjort dette mot barnet vårt, kan vi ikkje ta sjangsen på at det kan skje.
Etter samtale med veterinær, fekk vi råd om at åtferda kan ha samanheng med at Bentley har mykje energi og behov for meir stimulering. Det var difor foreslått at han kan ha godt av å få vere ute. Idag er han innekatt, men på grunn av trafikkert veg nedom huset har vi diverre ikkje moglegheit til å gi han eit trygt uteliv.
Vi trur difor at Bentley vil trivast best i ein roleg heim utan små barn, gjerne hos nokon med erfaring med katt og moglegheit for eit trygt uteområde.
For oss er det viktigaste at Bentley kjem til ein heim der han blir forstått, teken godt vare på og får bli verande resten av livet. Vi kjem difor til å bruke tid på å finne dei rette menneska.
Ved kontakt, skriv gjerne litt om deg og kva heim du kan tilby Bentley.
Vi svarer gjerne på spørsmål.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 4.8.2026 kl. 09:55 ・ FINN-kode: 471868211
