Bildegalleri
Flott Bugaboo Buffalo med syskensete og prampack
Til salgs
2 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Merke: Bugaboo
Favorittvogna er klar for nye verdsborgarar!
Me har vore heilt utruleg (!) nøgde med denne. Alle trekk og skjerm er nyvaska og klare til ny baby/småbarn.
Dette er forgjengaren til Fox. Den trillar lett, blir nett når den er samanslått (passar fint inni Ioniq-en vår, både med sitte- og babydel), er lett å slå opp og ned og er relativt lett. Framhjul kan låsast i fast stilling viss ynskjeleg (det var VELDIG viktig for besteforeldra her..). Fempunkts-sele. Sittedel kan monterast begge vegar. Babydel er djup og med raus storleik.
Nytt handtak blir påmontert før overlevering. Det fylgjer med reparasjonssett for framhjul (lett å fiksa!) sidan det eine (hugsar diverre ikkje kva for eitt) vibrerer litt ved rask gange. Korga under er solbleika, som på dei fleste av desse vognene. Ingen tyggemerke på sittebøylen.
Kan ikkje sjå flekkar på nokon av trekka. Babydel fylgjer sjølvsagt med (sjå bilete for å sjå korleis den ser ut på vogna). Det same gjer syskensete og originalt regntrekk.
Den funkar sjølvsagt prima som barnehagevogn, men eg synes nesten den er for fin til det;)
Den har alltid blitt oppbevart inne og har aldri vore barnehagevogn.
Me har også ein prampack som kan fylgja med (ligg på loftet, så har ikkje bilete akkurat no). Den er godt brukt og litt slitt, men heilt i orden.
Kan hentast på Manger eller overleverast i Knarvik. Kan også ordna overlevering i Bergen.
#søskensete
#prampack
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 6.8.2026 kl. 18:45 ・ FINN-kode: 471626733
