Bildegalleri
Gammel dragkiste/kommode med skuffer.
Til salgs
800 kr
Vi sender da en melding fra deg til selger om at du vil bruke Fiks ferdig for å kjøpe denne varen.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Dragkiste til salgs. 4 skuffer, fin til oppbevaring. Alle handtak truleg originale.
Vi har høvla litt av skuffene så dei kan opnast og lukkast.
Dragkista har mørk overflatebehandling som med tida har blitt ruglete, og nederst på høgre sida er behandlinga veldig slitt, som vist på bilde. Den er godt brukt.
Høgde ca 104 cm inkl. sokkel, 93,5 cm utan sokkel (transporthøgde). Sokkelen har form som ei ramme der dragkista står oppi.
Dragkista er tung og står stødig.
Den store nøkkelen passer til alle skuffene og alle handtak er i orden.
Skuffene er store og har minst ein meter innvendig bredde.
Høgde og dybde er litt forskjellig, innvendige mål:
Skuff 1 D. 42 cm, H. 12 cm (Øverst)
Skuff 2 D. 40, H. 15,5 cm
Skuff 3 D 42, H. 23 cm
Skuff 4 D. 39.5 H. 15.5 cm
Låsane er veldig spesielle på den måten at det er ingen vanlige låskasser, metallet danner to sider av låsen som er synleg, resten av låsen er skjult av treverket i skuffen.
Difor trur eg at dragkista er veldig gammel, seinast fra 1800 tallet ein gang.
Dei to - tre nederste skuffene må låsast før ein kan ta ut nøkkelen. Kanskje var dette med hensikt? Da kan ein unngå at småbarn klatrar i skuffene og/eller ein får sikra verdiane i skuffene. Men ein kan sjølvsagt gå fra skuffen nesten stengt og med låsen i låst stilling dersom ein ønsker det.
Den øverste skuffen kan stå ulåst og passar då evt. fint til oppbevaring av den store nøkkelen.
Litt angrep av mott, kan truleg behandlast.
Innvendig ville det gjort godt med ein god grønnsåpevask.
Bredde ca 113 cm, handtak på sidene bygger ut ca to cm ekstra.
Dybde 50 cm.
Kr. 800, må hentast.
Kan etter avtale leverast i Svelgen eller langs strekninga vidare til Førde sentrum. Det må i så fall avtalast i god tid da vi er avhengig av båt og ver for transport til nærmaste brygge.
Bud mottas.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 1.8.2026 kl. 11:56 ・ FINN-kode: 471547472


