Bildegalleri
Heisvinde frå gammal sjøbu blir gitt bort
Gis bort
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Heisvinda/vindehjulet vart teke ned ifm. restaurering av ei over 110 år gammal sjøbu.
Vinda vart brukt til å heise opp/ned fisk og reiskapar frå båt til bu.
Dimensjonar:
Diameter: 165 cm
Breidde: 110 cm
Midtstokken på vinda vart saga av for å kunne få den ned. Den gjenverande delen av stokken stikk 57 cm ut på eine sida av vindehjulet og 30 cm på andre.
Vindehjulet har hengt oppunder taket inne på bua sidan bua vart bygd, og er i grei stand i forhold til alderen. (PS! På bildene ligg det litt lause bord rundt vinda som ikkje har tilknyting til vinda).
Om dette vindehjulet, som var ein viktig del av den gamle kystkulturen, er av interesse kan den hentast med båt med kran på Iglandsvik i Bremanger kommune.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 26.8.2026 kl. 11:40 ・ FINN-kode: 471500245

