Bildegalleri
Bahco E72 verktøyskap med 4 skuffer – lite brukt
Til salgs
3 900 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Sel eit solid Bahco E72 overskap/verktøyskap med fire skuffer. Skapet vart kjøpt nytt hos Clas Ohlson i 2022 for 5 999 kr.
Det har vore fastmontert under ein arbeidsbenk og er berre brukt i mindre grad. Eg hadde opphavleg tenkt å behalde det og etter kvart kjøpe den tilhøyrande baseseksjonen, men det kjem ikkje til å skje. Skapet står derfor berre og tek opp plass.
Skapet har doble veggar i stål, fire kulelagra skuffer som kan trekkjast heilt ut, og sentrallås. Tre av skuffene er 5 cm høge, medan den nedste er 11,6 cm høg. Kvar skuff toler opptil 30 kg.
Mål:– Breidd: 69,2 cm– Djupn: 51 cm– Høgd: 38,6 cm– Vekt: ca. 42 kg
Kan brukast på ein arbeidsbenk eller som toppseksjon på Bahco E72-verktøyvogna. Har vore lagra tørt på garasjeloftet etter at det vart demontert.
Normal nypris hos Clas Ohlson er 5 999 kr.
Må hentast på grunn av vekta.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 30.7.2026 kl. 17:09 ・ FINN-kode: 471423049
