Bildegalleri
Cybex bilsetepakke med to seter og ein base: frå nyfødd til 105cm/18 kg
Til salgs
4 500 kr
Vi sender da en melding fra deg til selger om at du vil bruke Fiks ferdig for å kjøpe denne varen.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Maksvekt (kg): 18
Merke: CYBEX
Type: Bilsete til baby
Sel ein pakke med trygge og gode bilseter og veldig praktisk base.
Det grå setet er cybex cloud z i-size. Dette kjøpte vi brukt for å ha eit ekstra sete til besteforeldre (hadde eit likt sjølv, berre i svart) og fordi vi trengte basen. Dette har aldri vore brukt av oss, men er i veldig fin stand. Litt usikker på om fargen er same som på screenshot, verkar litt lysare, men sjå bileta eg har tatt. Utruleg praktisk sete til dei minste. Lett å løsne frå basen og bære med seg eller sette på vogna. Vi hadde britax-vogn og trengte berre å kjøpe to «adaptera» vi sette i vogna, så sette vi setet rett oppi. Nyføddinnlegg følgjer med.
Det andre setet er for litt større barn, men fann seinare ut det kan brukast frå nyfødd dette óg. Likevel glad vi hadde det andre, for det var så lett å ta med seg med sovande baby og kunne leggast heilt flatt.
Det andre setet er eit sirona Z i-size som går oppi same basen. Eg trur dette kan brukast begge vegar, men vi har berre brukt det bakovervendt. Veldig behageleg sete når ungen blir litt større. Nyføddinnlegg er aldri brukt, men fylgjer med. Brukt av to barn.
Basen er ein cybex base Z. Utruleg enkel montering med isofix og ein fot i golvet som pip om noko med monteringa ikkje er korrekt. Enkelt og trygt med lys som viser kva del av monteringa som ikkje er rett. Veldig praktisk snu-funksjon vi brukte mykje med babysete, f.eks. når vi skulle ta ungen ut av setet eller for å underhalde når bilen stod i ro. Denne har fått hardast medfart som du kan sjå på bilete, men fungerer fint.
Alle seta har vore behandla fint, ikkje vore i kollisjon eller mista i bakken. Det svarte setet har nett vore vaska.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 3.8.2026 kl. 16:18 ・ FINN-kode: 471404918

