Bildegalleri
LAVA Music ME 4 Carbon 36" smartgitar
Til salgs
9 990 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
LAVA ME 4 er ein moderne karbonfibergitar som kombinerer innovativ teknologi og låg vekt. Med AirSonic-karbonfiber i både kropp, hals og gripebrett toler gitaren store variasjonar i temperatur og luftfukt, samtidig som den leverer ein fyldig og resonant klang.
Den kompakte 36-tommars storleiken gjer gitaren komfortabel å spela på, både for nybegynnarar og erfarne gitaristar.
Den innebygde HILAVA 2.0-elektronikken med berøringsskjerm opnar for ei rekkje smarte funksjonar direkte i gitaren. Du får mellom anna innebygde funksjonar for å øva, leggja til "pedal-effektar", stemmeapparat og looping. Når du ønskjer det, kan gitaren òg koplast til forsterkar eller PA-anlegg via det integrerte pickup-systemet.
Dette er ein gitar som passar like godt heime, i studio og på scena.
Matchande reim og bag følgjer med.
Det følgjer òg med ladedocking, men merk at den tynne "nakken" mellom "foten" og "rommet" som gitaren skal liggja oppi er knekt, så den må anten fiksast, eller den vil stå av seg sjølv inni eit hjørne. Viss du ikkje vil lada med dockingstasjonen, kan du berre kopla til USB-C-kabelen.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 28.7.2026 kl. 15:43 ・ FINN-kode: 471175985

