Sjukepleiar og vernepleiar til Psykisk helsevern
Helse Bergen HF
- Søknadsfrist 09.08.2026
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar og vernepleiar til Divisjon psykisk helsevern
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!
Lokal sikkerheitspost (LS): Krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
* 100% fast stilling, 2-delt turnus og 4. kvar helg i langturnus
Regional sikkerheitspost (RS): Krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
* 100% fast stilling, 2-delt turnus og 3. kvar helg
Psykiatrisk klinikk: Kandidatar blir tilsett ved Psykiatrisk klinikk pt ved avdeling. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke
* Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S6 har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg
* Avdeling spesialisert psykose, Seksjon S4 har ledig 100% fast stilling, 2-delt turnus og kvar 3. helg
* Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, PBU Ungdomspost har ledig 100% fast stilling som vernepleiar, 2-delt turnus og i snitt kvar 4. helg på Akuttposten
* Kronstad DPS, Psykose døgnbehandling har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar. Stillinga er ei kombinasjonsstilling der pt 60% av stillinga ved Kronstad, Psykose døgn og 40% er ved Bemanningssenteret i føretaket. Stillinga ved Kronstad er i 2 delt turnus, jobb kvar fjerde helg. Stillinga er ledig frå 14. september eller etter nærare avtale.
Bemanningssenteret Vanskeleg å velge avdeling? Bemanningssenteret søker sjukepleiar og vernepleiar som vil jobbe på meir enn ein avdeling. Vi har ledig 100% faste stillingar med arbeid i snitt kvar 3. helg. Vi har årsturnus, og du har stor innverknad på eigen turnus. Her får du verdfull erfaring og ein variert arbeidskvardag.
Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss får du fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging av leiar og resten av teamet.
Arbeidsoppgåver
Klinikk for Sikkerheitspsykiatri sitt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver.
Lokal Sikkerheitspost (LS) jobbar tverrfagleg og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, fysisk aktivitet og eigen ergoterapi avdeling. Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit miljø med varierande utfordringar. Dette er ei stilling som gjev personleg og fagl
Kontakt: Joachim Rau Honningsvåg, Tlf. 55958348
Regional sikkerheitspost (RS) her har kvar pasient har ei tverrfagleg team som arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med. Ei anna sentral oppgåve kan vere judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova §167, etter oppdrag frå domstol og sakkyndige. Som sjukepleiar vil du då inngå i eit rettspsykiatrisk team. Personen som er innlagd til observasjon er ikkje ein pasient, men ein observand. Din oppgåve vil vere knytta til observasjon og skrive gode miljørapportar som rettspsykiatrisk sakkyndig skal bruke til å bedømme om vedkommande er tilregneleg eller ikkje i juridisk forstand. Hos oss jobbar det like mange kvinner som menn.
Kontakt: Bente Baug Grey, Tlf. 55958384
Avdeling Stemningslidingar har eit godt og kompetent arbeidsmiljø og avdelinga tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.
Seksjon S6 er ein lukka korttidsseksjon med 12 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet.
Kontakt: Jan Legreid, Tlf. 55958762/ 95045861
Avdeling for spesialisert psykose (ASP), Seksjon S4 er ein akutt, lukka post med 12 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Oppgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelingane er spennande og utfordrande arbeidsplassar med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: June Bønæs Nødtvedt, Tlf. 55958848
Kvalifikasjonar (overskrift)
PBU Ungdomsposten er ein 5 døgns utgreiings- og behandlingspost med kapasitet til 10 pasientar for ungdom mellom 13 og 18 år med ulike psykiske lidingar. Innlegging er primært basert på frivilligheit men posten er også godkjent for tvang. Dei tilsette på Ungdomsposten, arbeider i snitt kvar 4. helg på Akuttposten. Oppgåvene til Ungdomsposten er knytt til utgreiing, diagnostisering og utarbeiding/utprøving av tiltak og behandling. Ungdomsposten gir spesialisert helsetilbod til barn og unge med psykiske vanskar, og deira pårørande. Posten er tverrfagleg bemanna med miljøterapeutar med hovudvekt på sjukepleiarar og vernepleiarar, samt barnevernspedagogar og studentar innan helse- og sosialfag. På behandlarsida har vi barne- og ungdomspsykiatrar, psykolog/ psykologspesialistar, - samt legar i spesialisering (LIS).
Vi søker ein erfaren, engasjert og fagleg dyktig vernepleiar som medarbeidar. For å få ein variert balanse i personalgruppa oppfordrast menn til å søke. Vedkommande som får tilbod om tilsetting, må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Kontakt: Kristine Hildegard Ulvatne Rath, Tlf. 55975844 eller Ingunn Prestegard, Tlf. 55976399
Kronstad DPS, Psykose døgnbehandling er ein open døgnseksjon med 12 sengeplassar. Vi tilbyr behandling og utredning av kortare varigheit for pasientar over 18 år med psykoseliding.
Vi søker etter en positiv og kreativ sjukepleiar eller vernepleiar som er opptatt av å gje god kvalitet i pasientarbeidet. Vi legg og stor vekt på at ein bidrar til trivsel og vekst for pasientar og medarbeidarar. Det er ønskeleg at søkar har erfaring med pasientgruppa eller anna relevant arbeidserfaring. Ønskeleg med førarkort klasse B.
Kontakt: Hilde Steinli, TLF. 55956301/ 91150469
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
- Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
- Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
- Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ferdigheter AI-generert
- Akuttpsykiatri
- B2 norsk språkprøve
- Rettspsykiatri
- Utredning og behandling av et bredt spekter psykiske lidelser
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, vernepleier, psykiatri, DPS, PBU
Annonseinformasjon
- FINN-kode 470299140
- Sist endret


