Bildegalleri
Dexter avlsdyr til sal – snill avlsokse og fine kalvar
Til salgs
10 000 kr
Beskrivelse av varen
Dexter livdyr til sal – avlsokse, stambokførbare oksekalvar og kviger
Vi sel nokre fine Dexter-dyr frå buskapen vår på Liland i Lavikdalen (Sjå gjerne facebooksida vår Liland Gard om du er nyskjerrig).
Dexter er ein liten, hardfør og triveleg storferase som passar godt til beite, mindre bruk, kulturlandskap og hobby-/nisjedrift. Dyra våre går i aktiv gardsdrift, og vi legg vekt på roleg lynne og dyr som fungerer godt i praktisk drift.
Til sal:
2401 – avlsokse, fødd 2024
Stamboknr: 501552
Pris: 22 000 kr eks. mva
Dette er avlsoksen vår. Han er snill, grei å handtere og har gjort ein veldig god jobb i buskapen. Han har fått alle dei 13 kyrne drektige denne sesongen. Han er no på sin andre sesong og blir ledig frå oktober.
Kan eventuelt bytast mot ny kolla avlsokse.
2601 og 2611 – kviger fødd i år
Ikkje stambokførbare.
Pris: 10 000 kr eks. mva per dyr
2611 har vore flaskekalv og er derfor ei ekstra sosial og tillitsfull kvige.
2602, 2603, 2604 og 2609 – stambokførbare oksekalvar
Fødde i år.
Pris: 15 000 kr eks. mva per stk
Desse eignar seg godt som framtidige avlsoksar. Dei blir stambokførte ved sal. Stamboknummer på mor og far kan sendast på førespurnad.
Praktisk info:
Dyra blir tekne inn i slutten av september / starten av oktober, og kan hentast etter det.
Vi kan også vere behjelpelege med transport mot betaling. Vi har godkjent hestehengar og kurs for transport av livdyr.
Alle prisar er eks. mva.
Ta kontakt for meir informasjon, fleire bilete eller for å avtale visning/reservering.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 15.7.2026 kl. 11:16 ・ FINN-kode: 469830937



