Bildegalleri
"OldMan river" - Komplett 486 retro-PC
Til salgs
2 499 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Merke: Dell
NEDSATT PRIS DÅ EG TRENG PLASSEN PÅ BENKEN MIN! Benytt deg av det.*
Eg skriver at den ikkje kan sendast, men eg kan det men det blir dyrt og masse arbeid, to kolli og det er ikkje finns fix ferdig klar for. Så ta kontakt om du vil ha den sendt.
No er tida komen for å la OldMan River segle vidare. Eg har for mange prosjekt på gang, og denne fortener å hamne hos ein som vil bruke han.
Maskina er sett opp med tanke på den autentiske PC-opplevinga frå midten av 90-talet. Berre slå på straumen og nyt DOS og Windows 3.1(1) slik dei eigentleg var meint å opplevast.
Spesifikasjonar:
486 PC intel 25 mhz sx prosessor
16 MB RAM
256 MB CompactFlash-løysing (IDE-adapter i staden for harddisk)
Windowns 3.11 installert. Nettverket testa tcp/ip kommuniserer med samba via linux. Så alt virkar.
Creative Sound Blaster 16 Vibra (CT2860) ISA-lydkort
ISA nettverkskort
Promise ISA IDE-kontroller
CD-ROM
3,5" diskettstasjon
PS/2 tastatur og mus
Eg sel alt no når eg har for mange jern i ilden, så kjøpar får med også ein Phillips 19" CRT skjerm som er perfekt til denne pc, samt alt av kabler og eindel diskettar (Dos 6.22, win 98 oppstartsdisk)
Perfekt til klassikarar som
DOOM
Duke Nukem 3D
Wolfenstein 3D
Heretic
Command & Conquer
Warcraft II
Transport Tycoon Deluxe
SimCity 2000
Monkey Island
Indiana Jones
og ei lang rekkje DOS- og Windows 95-spel.
Maskina eignar seg òg svært godt for den som vil eksperimentere med DOS, gamle operativsystem eller restaurere gammal programvare.
CompactFlash-løysinga gjer maskina stille, raskare enn med tradisjonell harddisk og langt meir driftssikker.
Maskina er seld som fungerande retro-PC, og eg har brukt tid på å setje henne opp slik at neste eigar slepp å starte heilt frå botnen.
Seljast berre fordi eg må prioritere andre prosjekt. Eg vil legge til at nettverkskortet og win95 og 3.11 har eg vellukka fått kommunikasjon med samba på ein deiban server. Så det er ikkje berre speling den er laga for, den må ha stått i i eit nettverk i eit kontorlandskap.
Eg set ein forholdsvis høg pris då eg vil lodde kva folk er villig til å gi, sjølv har eg lagt i langt meir på den enn kva eg ber om, men ein kan ikkje rekna med å få att alt ein invistera i.
Til slutt vil leggje til at dette blir eit mareritt å pakke og sende, det vert to kolli og dyrt, mykje arbeid. Så eg set pris på eit salg der kjøpar kan henta.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 8.8.2026 kl. 21:36 ・ FINN-kode: 469760578
