Kvalitetsingeniør
Eide Fjordbruk
- Søknadsfrist 2026-08-23
- Ansettelsesform Fast
Kvalitetsingeniør
Eide er eit familieeigd selskap, og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. For å nå denne visjonen er me avhengige av dyktige og motiverte kollegaer.
No ønskjer me å styrkje kvalitetsavdelinga med to nye kvalitetsingeniørar som vil vere med på å vidareutvikle kvalitetsarbeidet vårt.
Om stillinga:
Stilling som kvalitetsingeniør er ei nøkkelrolle i arbeidet med å nå konsernets visjon. Rolla skal bidra til høgare effektivitet og kvalitet i konsernet. Stillingane inngår i konsernets kvalitetsfunksjon. Målet med rollane er å sikre at Eide har strukturane, systema og prosessane som trengs for å sikre kvalitet i alle ledd – frå produksjon og produktutvikling til sertifisering og etterleving av gjeldande krav.
Me er eit team som saman støttar alle dei ulike avdelingane i konsernet. Ansvarsområder blir fordelt på enkeltpersoner, og me har derfor ein variert bakgrunn. Me jobbar saman for å samkjøyre korleis me skal løyse oppgaver og utarbeida prosessar – og for å bistå kvarandre ved behov.
I fellesskap skal me:
- Bidra til at konsernet etterlev aktuelle lovar, forskrifter, sertifiseringar og standarder
- Følge opp kvalitetssystemet, inkludert registrering, behandling og oppfølging av avvik
- Bistå med risikoanalysar
- Byggje system og prosessar i kvalitetssystemet Landax
- Bistå med utarbeiding og tilpassing av sjekklister
- Planleggje, gjennomføre og følge opp interne revisjonar, sertifiseringsrevisjonar og eksterne revisjonar
- Bidra til økt kompetanse og forståelse for kvalitetsarbeid i organisasjonen
- Rapportere og dokumentere kvalitetsarbeidet på ein strukturert måte
- Identifisere forbetringsområde og bidra til kontinuerleg forbetring, inkludert Lean-initiativ
- Oppfølging av HMS
Me søkjer no etter to personar der primæransvar vil vera oppfølging av drift for den eine og oppfølging av teknologiprodusenten Watermoon for den andre.
Rollane vil til dels kunne formast til ulike kandidatar, og arbeidsoppgåver vil kunne endrast over tid.
Oppfølging av drift
Drift strekkjer seg gjennom heile verdikjeda – frå 3stk smoltanlegg, 16stk matfisk-lokaliteter og eit slakteri - fordelt over Vestland og Sogn.
Eksempel på arbeidsoppgåver oppfølging av drift:
- Primæroppgåve vil være oppfølging av smoltanlegg og matfisk-lokalitetar
- Sikre drift iht relevante lovar og reglar
- Utarbeida, oppdatere og følge opp prosedyrar, interne kvalitetsstandardar og annan relevant dokumentasjon
- Gjennomføring av risikoanalysar
- Delta på revisjonar
- Oppfølging av tilsyn frå myndigheiter og andre sertifiseringsorgan
- Bistå som støttefunksjon for driftspersonell
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning innan kvalitetsarbeid, ingeniørfag, produksjon, akvakultur eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensera for formell utdanning
- Erfaring med kvalitetsarbeid, kvalitetssystem, dokumentasjon, avvikshandtering eller prosessforbetring er ønskeleg
- Erfaring frå akvakultur er ein fordel.
- Kjennskap til relevante standardar, sertifiseringar og lovkrav, gjerne NS 9415:2021 og Nytek23
- Gode digitale ferdigheiter og evne til å arbeida strukturert og systematisk
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Førerkort klasse B
Arbeidsstad:
Du vil disponera kontorplass både ved hovedkontoret i Eidestøa og i Bergen. Det er forventa at du jobbar minimum 2 dager i veka frå Eidestøa. Det må påreknast noko reise ved besøk av lokaliteter.
Oppfølging av teknologiprodusenten Watermoon
Watermoon er Eide si store satsing på lukka anlegg. Løysinga blir designa og utvikla av oss. Som kvalitetsingeniør vil du ha ansvar for produktsertifisering av Watermoon i tråd med NYTEK23 og NS9415:2021. Arbeidet omfattar mellom anna:
- Kartleggje, evaluere og vidareutvikle prosessar knytt til produktutvikling og produksjon
- Utarbeide, oppdatere og fylgje opp prosedyrar, interne kvalitetsstandardar og annan relevant dokumentasjon
- Bistå med risikovurdering av design og drift
- Sørge for rutinar for dokumentasjon av prosessar og utført arbeid
- Følge opp 3.partsoppfølging av produktet
- Følge opp leverandørar frå eit kvalitetsperspektiv
- Gjennomføre revisjonar
- Følge opp produksjon og sjøsetting av Watermoon
- Utarbeiding og vedlikehald av brukermanual
- Bistå som støttefunksjon til Watermoon-teamet
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning innan kvalitetsarbeid, ingeniørfag, produksjon, akvakultur eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensera for formell utdanning.
- Erfaring med kvalitetsarbeid, kvalitetssystem, dokumentasjon, avvikshandtering eller prosessforbetring er ønskeleg
- Erfaring frå produksjonsbedrift, industri, akvakultur eller teknisk drift er en fordel
- Kjennskap til relevante standardar, sertifiseringar og lovkrav, gjerne Nytek 23, NS 9415:2021 og ISO 9001
- Gode digitale ferdigheiter og evne til å arbeide strukturert og systematisk
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Førerkort klasse B
Arbeidsstad:
Du vil disponera kontorplass både ved hovedkontoret i Eidestøa og i Bergen. Det er forventa at du jobbar minimum 2 dager i veka frå Eidestøa. Det må påreknast noko reise ved oppfølging av leverandørar og produksjon av Watermoon. Dette kan vera i både inn- og utland.
Til begge rollane ser me etter deg som er strukturert, tar ansvar, viser initiativ og har god gjennomføringsevne. Du jobbar godt både sjølvstendig og i team. Du kommuniserar tydeleg og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr:
I Eide tør me å satse - både på visjoner og på folk. Me bryr oss om kvarandre, fisken vår og miljøet me driv i. Som kvalitetsingeniør hos oss blir du ein viktig lagspelar i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Hos oss får du:
- Jobb i ei framtidsretta og spennande næring
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Muligheiter for faglig og personlig utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
Søknadsinformasjon
Me ynskjer deg velkomen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument. Har du spørsmål knytt til stillinga, ta kontakt med: Kristine Rosvoll +47 468 23 223 / kristine.rosvoll@efb.no
For meir informasjon om selskapet, sjå våre nettsider og sosiale medium www.efb.no.
Søk i dag og bli ein viktig del av vår spanande reise for å sette standarden for framtidas havbruk.
Ferdigheter AI-generert
- Avviksbehandling
- Dokumentasjon
- ISO 9001
- Kjennskap til lovverk og regelverk
- Kvalitetsstyringssystem
- Norsk standard
- Risikoanalyse
- Skrive teknisk dokumentasjon
(1/2)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.
Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.
Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.
At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.
To learn more about us visit us at www.efb.no
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Sjøgaten 5, 5035 Bergen
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Kvalitetssikring, Produksjon
Nøkkelord
kvalitetssikring, kvalitetssystem, akvakultur, risikovurdering, kvalitetsingeniør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 469751680
- Sist endret



