Bildegalleri
Fine Felix søker ny heim
Til salgs
100 kr
Beskrivelse av varen
Alder: 4 år eller eldre
Det sit langt inne, men vi har teke det tunge valet om å finne ein ny heim til den fine katten vår, Felix.
Felix er ein aktiv oransje hannkatt. Heime hos oss har han vore glad i kos og oppmerksomhet. Han er utruleg sosial og menneskekjær; heilt sidan han var ein liten kattunge har han vore mykje oppe på skulen som er nabo av oss og kosa med ungane der. Han er ein skikkelig utekatt som nyt å utforske nærområdet sitt, og kan ikkje bli holdt som rein innekatt.
Kvifor vi søker ein ny heim til Felix:
Sidan vi bur rett ved skulen, og Felix elskar folk, har han naturleg nok vore mykje der. Men med mange skuleungar kan det til tider bli for mykje uro og uføreseielege situasjonar for ein katt. Etter ei uheldig hending der vi fekk melding om Felix beit eit barn, har vi sett oss nødt til å omplassere han for å unngå liknende hendelsar.
Felix har vokst opp i ein familie med barn, fått mykje oppmerksomhet av forskjellige folk, og likar seg godt ute. Vi ser no etter ein ny heim til Felix som ikkje er så tett på skule og mange barn.
Han er og vand med å ha høns, moskusender og kaniner på tomta.
Felix er født i mai 2022, og er kastrert
Ta kontakt om du har nokon spørsmål
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 14.7.2026 kl. 10:42 ・ FINN-kode: 469734243

