Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Osterøy
Bilde fra arbeidsgiver

Er du helsefagarbeidar og engasjert i eldreomsorg?

Osterøy kommune

  • Søknadsfrist 26.07.2026
  • Ansettelsesform Fast

Helsefagarbeidar 80 % fast stilling ved Osterøytunet - avdeling for personar med demens

Om stillinga

Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65  plassar fordelt på tre avdelingar, med tre grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-11 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege.  

Me søkjer helsefagarbeidar til ein 80 % fast stilling på avdeling for personar med demens. Stillingen har ordinær todelt turnus med arbeid kvar 3.helg. Stillinga er ledig frå 01.oktober 2026.

Utvikling:

Me har starta prosjektet "Tid for handling", der me ser på oppgåvefordeling ved sjukeheimen ut frå kompetanse og har nyleg starta med sjukepleiarteam. Som helsefagarbeidar har du ei viktig rolle i å skape trygge og gode rammer for bebuarane våre og  dagleg drift av gruppa. Du får delta på legevisitt saman med sjukepleiar og me planlegg kompetanseheving for helsefagarbeidarar i møte med nye oppgåver/ansvarsområder.  

På Osterøytunet nyttar vi moderne velferdsteknologiske løysingar, mellom anna nytt digitalt alarmsystem med mobile responsløysingar og RoomMate.

Me har fokus på utvikling, kompetansedeling og eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarane får bidra med erfaringar og vere del av utviklinga av tenestene.

Kven søkjer vi etter?

Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg! 

Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss! 

Vi tilbyr deg

  • Ei spanande og gjevande stilling
  • Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
  • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus (kvar haust)
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Arbeidsoppgåver

  • Heilskapeleg omsorg og pleie
  • Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov
  • Målretta miljøarbeid.
  • Primærkontaktoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
  • Relevant vidareutdanning er ein fordel
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk 
  •  Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
  • Grunnleggande IT-kunnskapar for bruk av digitale plattformer og journalsystem

Andre opplysningar / Ansettelsesvilkår:

  • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 md om du får tilbod om stillinga
  • Tilsetting skjer med 6 månaders prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk i kommunen

Ferdigheter
AI-generert

  • B2 norsk språkprøve
  • Betjene og overvåke alarmsystemer
  • Demensomsorg
  • Modul 1, 7 dager - grunnleggende IT forståelse

Om arbeidsgiveren

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.  

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Osterøy kommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Grethe Berg Holsen
  • Stillingstittel: Avdelingsleiar
  • Mobil: 45 21 88 22
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Lina Traskinaite
  • Stillingstittel: Einingsleiar
  • Mobil: 46 42 05 26
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Osterøy kommune
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Osterøy kommune

198 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Osterøy kommune logo

Osterøy kommune

  • Sjå våre ledige stillingar
  • Følg oss på LinkedIn
Gå til heimesida

Firmaets beliggenhet

Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 469340167
  • Sist endret 9.7.2026, 11:27
Rapporter annonse