Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bjørnafjorden

Helgestillingar på Luranetunet

Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

  • Søknadsfrist 11.09.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vil du jobbe helg på ein arbeidsplass med varme, vekst og fagleg utvikling?

Luranetunet bu- og behandlingssenter søkjer engasjert helsepersonell til helgestillingar dag, kveld eller natt. Her får du moglegheita til å bidra til utviklinga av framtidas eldreomsorg, saman med dyktige kollegaer i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø. 

Kvifor velje Luranetunet?

  • Vi har ein unik tropehage på 1300 m² eit varmt og levande samlingspunkt for bebuarar, pårørande og tilsette.
  • Du får jobbe tverrfagleg og bli kjent med alle avdelingar noko som gir brei erfaring og fagleg utvikling.
  • Vi har fokus på kommunikasjon og miljøarbeid, og ser personen bak sjukdommen.
  • Du blir del av eit fellesskap som jobbar for utvikling og vekst i samspel vår visjon. 

Arbeidstid og stillingsstorleik

  • Arbeid på helg: fredag og/eller laurdag og søndag.
  • Turnusordningar: annakvar, tredje kvar eller kvar fjerde helg i langvakter.
  • Stillingar frå 11 % til 25 % skriv gjerne i søknaden kva du ønskjer. 

Kven ser vi etter?

  • Du har helsefagleg utdanning, er under utdanning eller vurderer kanskje helsefagleg utdanning.
  • Du må du vere fylt 17 år.
  • Du har interesse for å jobbe med menneske 
  • Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet 
Politiattest må leggjast fram.

Om arbeidsstaden
Luranetunet ligg berre nokre minutt frå Bergen og har 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar inkludert tilrettelagte avdelingar for personar med demens. Vi er ein utdanningsinstitusjon med studentar, lærlingar og vi har eigne sjukeheimslegar.

Som helsepersonell må du vera førebudd på å arbeide utover eiga avdeling og bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.

 Vi tilbyr

  • God opplæring og rettleiing
  • Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen. Studentar under relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning
  • Studentar som blir tilsett i minimum 13 % stilling under dokumentert utdanning til sjukepleiar eller vernepleiar kan etter lokal ordning få tilbod om årleg stipend på kr. 15.000/20.000. Stipend blir utbetalt i juli månad, ved fast tilsetting innan 1.desember året før
  • Tillegg på årslønn for arbeid på natt
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fokus på heiltidskultur

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Søknadar blir vurdert fortløpande. Kun aktuelle kandidatar blir kontakta.

Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside: Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no) 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. 

Ferdigheter
AI-generert

  • Demensomsorg
  • Eldreomsorg
  • Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
  • Helsevitenskap

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
  • Sektor: Offentlig
  • Antall stillinger: 5
  • Sted: Solstrandsvegen 39, 5200 Os
  • Bransje: Annet, Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut

Nøkkelord

sykepleier, vernepleier, student, helsefagarbeider, helgestilling

Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Elena Larsen
  • Stillingstittel: Konst. ass. einingsleiar
  • Mobil: 95 27 44 42
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Hilde Karin Storum
  • Stillingstittel: Konst. einingsleiar
  • Mobil: 97 67 07 17
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Bjørnafjorden kommune
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Bjørnafjorden kommune

612 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Solstrandsvegen 39, 5200 Os

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 469182983
  • Sist endret: 7.7.2026, 16:16
  • Org.nr.: 844458312Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse